31. desember 2023

Fargo, sesong 4 (2020)

Denne sesongen gjekk meg litt hus forbi då han vart lansert. Han vart fjerna frå HBO etter uventa kort tid, men dukka opp att no, i samband med at det har kome ein femte sesong. Den nye sesongen har fått strålande meldingar, men eg valde å sjå denne fyrst, sjølv om eg er usikker på kvifor. Kvar sesong er heilt frittståande.

Denne gongen er me i Missouri, der to kriminelle organisasjonar kjem på kant med kvarandre. Den eine er italiensk-amerikansk, og er ein del av ein større, nasjonal organisasjon. Den andre er styrt av svarte amerikanarar, og er meir lokal. Dei kjempar om kven som skal kontrollera kva. I tillegg møter me eit par etterforskarar, ein rimeleg ustabil sjukepleiar, og ei tenåringsjente som likar å snusa i andre sine saker.

I kampen mellom dei to organisasjonane går ein del liv tapt. Det er diverre ikkje like originalt og fengande som dei tre fyrste sesongane. Dette vert meir tradisjonelt, og det vert ikkje betre av at her knapt er interessante karakterar. Svært mange av personane me møter vert drepne i løpet av serien, og ikkje éin einaste gong tenkte eg at den drepne karakteren var ein eg gjerne ville sett meir av. Det er stilreint og fint å sjå på, men dette var ein stor nedtur.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 5 (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar