23. desember 2014

Fargo, sesong 1 (2014)

OK, eg vedgår at eg var ein smule skeptisk til dette. Ein heil fjernsynsserie basert på ein Coen-film? Filmen er ein kanonfilm, men det er ein film der fleire av dei sentrale personane vert drepne.

Serien hentar handlinga frå det same området og det same miljøet som filmen gjer. Ingen personar er med begge stader, men der er nok av referansar til filmen. Her er ein gravid politibetjent, som løyser heile saka. Her er den same kjenningsmelodien (eller ein som liknar). Her er vald - mykje vald - og humor. Her er snø, me er i det rurale Minnesota, så her er òg nok av folk som seier "ja" for "yes". Og her er mindre ting, som ei statue av ein tømmarhoggar, og ein hovudperson som går i ei stor, raud boblejakke. Og nesten som ein bonus får me òg vita kven som fann kofferten med pengar frå filmen.

Lester Nygaard, ein pusling av ein forsikringsagent, kjem tilfeldigvis i kontakt med Lorne Malvo, eit monster av ei drapsmaskin, på legevakta. Nygaard nemner at ein gamal skulekamerat plagar han, og vert pressa av Malvo til å seia at han gjerne skulle sett skulekameraten død. One thing lead to another - snart er skulekameraten død, og i forbifarten har Nygaard teke livet av kona si òg. I god Coen-stil prøver han å dekkja over det, og får politiet til å tru at broren er mordaren. Både denne og komande dekkhistorier vert avslørte av Molly Solverson, ein politibejent som aldri gjev opp, men før me kjem så langt at Nygaard vert teken og Malvo vert drepen, har ei mengd liv gått tapt.

Det er ein finfin serie. Det er passeleg med stemning, det er godt med humor, det er glitrande dialogar, og så bortetter. Personane i filmen er fascinerande, og det er godt skodespel over heile fjøla. Litt overraskande var det rett nok at det var ein avslutta serie, sidan fleire sesongar er tinglyste, men ut frå det eg finn på nettet vil kvar sesong handla om ei avslutta historie, til ulike tider ein stad i den amerikanske midtvesten.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo (film, 1997)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)
Fargo, sesong 4 (2020)
Fargo, sesong 5 (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar