9. mars 2024

I, Tonya (2017)

Kunstlaup - der har du ein idrett eg ikkje veit mykje om. Men viss eg nokon gong får spørsmål om å nemna ein (eller to) som har drive med den idretten, er det fare for at namna Tonya Harding og Nancy Kerrigan dett ut av meg. Dei hadde hovudrollene i ein real life-såpeopera før OL på Lillehammer - dei var amerikanske, dei var medaljekandidatar, og dei skal ha hatt eit dårleg forhold. Nokre månader før OL vart Kerrigan angripen av ein mann som heilt opplagt prøvde å skada ho; seinare vart det klart at mannen til Harding hadde planlagt angrepet. Kerrigan vart frisk til OL, der ho tok medalje; Harding vart nummer åtte.

Det var mest til å le av, og denne filmen opnar vel òg opp for at ein kan smila litt. Det er ein god film. Det er ein liksomdokumentar, der skodespelarane vert intervjua kvar for seg, og der me ser ting som skjedde. Eller ting som kan ha skjedd - eg kjenner ikkje saka godt nok til å vita om dette er historisk korrekt.

Det er Harding det handlar om. Ho veks opp i ein heim der ingenting fungerer - det er vald, det er skriking. Mora tvingar ho til å gå på kunstlaup, og det viser seg at ho har eit talent. Det bryr ikkje mora seg om, ho ropar og kjeftar like mykje som før. Harding giftar seg tidleg, men den fyrste kjærasten sin, og der er det òg vald i lange banar. Det er vanskeleg å lika desse tre personane, men skodespelet er glitrande, og det er ein film det er lett å fylgja med på.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar