5. juni 2018

My Next Guest Needs No Introduction. With David Letterman (sesong 1, 2018)

David Letterman var ein av svært, svært få fjernsynsfolk eg såg så mykje som råd av. Han hadde eit talkshow på amerikansk fjernsyn i over tretti år. Eg såg det av og til i USA, og ei stund gjekk det òg jamleg på NRK2. Han var morosam, hadde mange faste gode innslag, han tok ikkje seg sjølv altfor seriøst, og skapte som regel god stemning når han fekk gjestar ved skrivebordet sitt.

Han gav seg som fjernsynsvert i 2015, og etter det han visst ikkje gjort så mykje anna enn å la skjegget gro. I denne serien er han tilbake, og settinga er veldig enkel: Han sit på ein scene saman med éin gjest, og dei snakkar saman i ein liten time. Kjemien mellom dei to er altså viktig, og dei beste av dei sju episodane er når begge to får den andre til å le. Som regel er dette bra, men to av episodane dreg det samla inntrykket ned. Jay-Z er litt for sjølvhøgtideleg, medan Malala Yousafzai har ei litt for alvorleg historie å fortelja. Det programmet bryt med den lystige stemninga elles.

Dei andre gjestane fungerer altså godt. Han opnar med sjølvaste Barack Obama. Fleire ting sit att etter den episoden. Måten publikum helsar han på er fabelaktig, der dei går rett inn i ein jublande, ståande applaus - ei kvinne hoppar opp og ned som om ho var på Beatles-konsert. Obama er òg morosam, og har ein veremåte som står så til dei grader i kontrast med han som overtok som president. Andre gjestar er George Clooney, Tina Fey og Howard Stern, som alle er morosame og gode, og fungerer godt saman med Letterman. Fleire av episodane vert brotne opp av korte innslag der Letterman vitjar stader eller folk som har vore viktige for gjesten hans.

Og til slutt kjem det like godt ein bonus-episode, der det ser ut som om premisset er at Jerry Seinfeld skal intervjua Letterman. Dei intervjuar kvarandre, og sjølv om latteren til Seinfeld verkar litt falsk og innøvd, er det veldig mykje bra her. Som då Letterman spør Seinfeld om han vitsar med Trump, og Seinfeld svarar at det ikkje interesserer han. Men han vitsar mykje om rosiner, fortel han, og han går inn i ein halvlang monolog om ulike rosinprodusentar.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

3. juni 2018

House of Cards, sesong 5 (2017)

Huff. Dette var seige greier. Dei fyrste sesongane av serien var bra, og det er nesten oppsiktsvekkande kor mykje han har tapt seg. Det går seint, det er keisame plott, det er få fengande replikkar, og me fortener nesten ros for å ha kjempa oss gjennom.

Veldig mykje tid går med på å ta oss gjennom det amerikanske presidentvalet. Francis Underwood stiller som presidentkandidat, med kona Claire som visepresidentkandidat. Dei ser at dei kjem til å tapa, og skapar inntrykk av at det er noko terror histen og pisten. Når tala er klare krev dei omval i to statar, av di vallokala vart stengde. Det vert omval, og før det omvalet raknar det for motkandidaten. Underwood-paret vert buande i Det kvite hus, men alt går gale, og sesongen endar med at han går av, og at ho rykkjer opp til president.

Det er altså mykje som går gale. Det går til dømes altfor lang tid før valet vert avklara - det er grenser for kor lenge det er interessant. Det er òg altfor mange referansar til personar som har vore innom i tidlegare sesongar - det kan godt henda at andre sjåarar hugsar desse, men så lenge det berre er namn (og ikkje fjes eller tittel) er det uråd å hengja med. Det er òg slik at det kjem for lite nytt inn - det heile verkar som HOC-episodar me har sett før.

Det kjem visst ein (halv) sesong til, og det ser ut til at mange har bede om å sleppa å vera med der. At Kevin Spacey (som spelar Frank Underwood) ikkje er med der har andre grunnar, men i den siste episoden vert to andre drepne og ei anna sendt på sjukehus med alvorlege skader, så det er mange som har kome seg ut.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 6 (2018)

23. mai 2018

Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)

Denne boka inneheld bortimot tjue av dei mange artiklane Halldis Moren Vesaas skreiv. Ein tredel er henta frå Syn og Segn, fire andre frå Dagbladet, medan resten er henta frå andre bøker, aviser og årbøker. Ho har samla dei i fire grupper, og to av gruppene inneheld berre éin artikkel kvar.

Den eine er artikkelen "Kva livet har lært meg", der hovudpoenget er at dei tre viktigaste livsforankringane hennar er menneske, bøker og natur. Den andre er artikkelen "Når fuglen før fjør", som handlar om korleis det er når alle ungane har flytta heimefrå. Den tredje gruppa er reiseskildringar, medan den siste handlar om litteratur og forfattarar. Den siste er den beste, men det er mykje bra også i dei andre. Og det bør ikkje overraska nokon at det handlar litt om bøker også i dei andre delane.

Ho skriv om forfattarar ho har møtt, eller forfattarar ho har eit nært forhold til. Nokre er lyrikarar, andre likar seg betre i romanform. Best likar eg artiklane som handlar om forfattarar eg kjenner nokolunde godt, ho skriv om Tor Jonsson og Rasmus Løland, og til slutt kjem det to artiklar om Tarjei Vesaas. Artikkelen om Løland kan stå som døme på korleis ho går til verks - ho skriv i hovudsak om romanen Hundre år, og det er viktig for ho å få fram at Løland var noko meir enn rein barnebokforfattar. Ho ser altså etter nye sider ved forfattaren, etter nye moment, og det gjer jo lesinga spanande.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

22. mai 2018

Paul Auster: Mr. Vertigo (1994)

Det er omtrent her nedturen tek til for Paul Auster. Fram til denne boka var han i kjempeform, men dette er langt frå like bra. Det meste av det som kjenneteiknar dei gode Auster-bøkene manglar her. Historia er ikkje god nok. Hovudpersonane er ikkje interessante nok. Bipersonane er ikkje interessante nok. Språket er ikkje godt nok.

Hovudpersonen er Walter Rawley. Han fortel livshistoria si, med hovudvekt på tida saman med den mystiske Master Yehudi. Yehudi har ein slags magiske krefter, og tvingar Walter gjennom ein lang prosess som kulminerer med at Walter lærer seg å fly. Dei reiser land og strand rundt, gjer store pengar, men all velstanden tek slutt då onkelen hans møter dei. Onkelen gjer krav på store delar av overskotet, og meiner at dette var ein del av avtalen då Yehudi fekk overta ansvaret for Walter. Yehudi vert drepen av onkelen. Nokre år seinare tek Walter hemn, før han slår seg opp i det kriminelle miljøet i Chicago. Så går han inn i militæret for å unngå fengsel, vert sendt til krigen i Europa. Og så vidare.

Det er ei lang rekkje hendingar som ikkje heng altfor godt saman. Rawley er ein gut/mann det er vanskeleg å lika, også av di språket Auster gjev han er dårleg. Både i replikkane hans og i boka elles er det mange, altfor mange, døme på slang. Kanskje det var slik dei snakka i USA i 1920- og 30-åra, men det gjer ikkje stort anna enn å irritera.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)
Bloodbath Nation (2023)
Siri Hustvedt: Ghost Stories. A Memoir (2026)

21. mai 2018

Magne Myhra: Mistelteinen (1959)

Magne Myhra debuterte med denne romanen i 1959, 29 år gamal. Det er ei bok som viser at han er kunnskapsrik og språkleg sikker, og som òg viser at han vil noko. Det er likevel ikkje ein altfor vellukka roman.

Hovudpersonen er David Rabinath, ein jøde som veks opp i ei vestlandsbygd. Som jøde er han litt på utsida av samfunnet, og det verkar som om det som er hovudpoenget til Myhra i romanen: Han vil visa korleis det er å stå utanfor. Det er ei prisverdig vinkling, men Myhra gjer altfor mykje ut av det. David er ikkje berre på utsida av di han er jøde - utetter i boka vert han òg foreldrelaus (av di faren drep mora og så seg sjølv). Ho som tek seg av han er altfor streng med han. Han vert invalid. Han slit òg med å ha kontakt med andre menneske. Han slit på så mange område at det vert vanskeleg å tru på det.

Boka er forma som eit brev til ei jente han gjekk på skule med, ei jente som viste han litt godhug, i alle ei tid. David har eit så tungt liv at han søkjer tilbake til dei få harmoniske dagane han hadde i oppveksten.

Utan gode sider er likevel ikkje boka. Den fyrste halvdelen er best, og då er det både avsnitt og kapittel som fungerer godt. Alt i alt vert det likevel ikkje godt nok.

Guffen er lunken.

Meir Myhra på kulturguffebloggen
Sønn av en kvinne (1978)

Per Petterson: Til Sibir (1996)

Det sentrale i denne boka er det nær forholdet mellom to søsken - eg-forteljaren, ei jente eg er usikker på om me får vita namnet på, og Jesper, bror hennar. Jesper er den ville og modige, jenta er litt meir forsiktig. Dei veks opp heilt nord i Danmark, i tida før andre verdskrigen. Begge kallar seg kommunistar, og draumen hennar er å forlata Danmark og reisa til Sibir. Slik går det ikkje, i staden flytter ho til Oslo.

Før me kjem så langt har ho mist kontakten med Jesper. Under andre verdskrigen vert han med i den danske motstandskampen, og han må flykta til Sverige. Seinare får ho høyra at han er i Marokko, og etter mange år utan livsteikn får ho eit brev frå han, der han skriv at no kjem han heim. Ho reiser til foreldra i Danmark, der ho reknar med at han snart møter opp, han òg.

Det er ei fin bok. Den fyrste delen, fram til andre verdskrigen, er litt stilleståande, men det er eit godt grep: Det gjer oss kjende med dei to hovudpersonane, og med samfunnet dei veks opp i. Det er meir fart i delen som handlar om krigsåra, og også når ho er i Oslo er det fin flyt i romanen.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)
Du er hjemme nå (2025)

20. mai 2018

Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)

Dette var stas. Eg kjøpte boka på Mammutsal, og rekna vel eigentleg med at det var ei bok der det meste var kjent. Eg tok så til dei grader feil.

Eg har ein del bøker om Jotunheimen. I svært mange av dei står det om historia til dette fjellområdet, og det står som regel om akkurat det same. Og det er gjerne dei same replikkane og sitata som vert dregne fram. Om Keilhau og Boeck i 1820, om Wergeland som reiser over Sognefjellet, om Vinje (med sitat frå Pantebrevet), om Slingsby, Mohn og Lykken i Mohns skar i 1876 (der heile replikkvekslinga alltid er med), om Tre i Norge (der det kjem eit sitat om norske fiskeskikkar), om Therese Berthaeu, og så bortetter. Det var det eg trudde eg fekk her. Det gjorde eg for så vidt, men eg fekk så mykje, mykje meir.

Aasgaard har gjort noko alle dei andre forfattarane burde gjort. I staden for å bruka andre fjellbøker som kjelde har han gått til originalkjelda. Det kan vera DNT-årbøker, det kan vera andre publikasjonar, det kan vera brev og arkiv. Alt det innsamla materialet bruker han til ei kronologisk framstilling av Jotun-historia. Mest plass gjev han til åra 1868-1908. Det var då pionerane famla seg fram, og det er her boka er aller best. Han fortel om utviklinga, år for år, om nye ruter, nye fjelltoppar som vert erobra, nye hytter, nye klatrarar, og han gjer det grundig. Som regel stadfestar og utdjuper han den kjende historia, av og til kjem han med ny informasjon som gjer at dei etablerte historiene må etablerast. Legg til at boka har ei rekkje flotte (og relativt ukjende) illustrasjonar, og vips: Me har ei bok som går inn blant Jotun-favorittane, og som kan hentast fram ofte.

Noko skal det likevel trekkjast for: Det er framleis uforståeleg at ein samlar så mykje informasjon i sluttnotar. Den lengste sluttnoten dekkjer nesten ei heil side, og det må vera opplagt at viss all den teksten skal vera med, bør han få plass i hovuddelen av boka, gjerne i ein fotnote. Så kan sluttnotane vera reine referansar.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)
Girl Climber (2025)