9. juni 2019

My Next Guest Needs No Introduction, sesong 2 (2019)

David Letterman kan snakka med folk. Han stiller gode spørsmål, og han let dei andre få snakka mykje. Han bryt inn med små kommentarar, han kjem med gode replikkar, han kjem av og til med små historier frå eige liv, men det er gjesten som er hovudpersonen.

Det er fem episodar denne sesongen. Alle episodane er ikkje like gode, det varierer etter kor spanande gjesten er. Best er episoden der Ellen DeGeneres er gjest. Hovudtemaet i samtalen er for så vidt alvorleg nok, ho snakkar mykje om korleis det var å stå fram som lesbisk, men det er ein episode der både Letterman og gjesten får vist fram dei komiske talenta sine.

I andre episodar fungerer det mindre bra. Samtalen med Kanye West surnar litt midtveges, der dei to er djupt usamde om Donald Trump. Tiffany Haddish, som var heilt ukjent for meg, var heller slitsam, medan Lewis Hamilton hadde litt for lite å snakka om. Det tok seg opp i den siste perioden, der Melinda Gates snakka om korleis dei rikaste i verda har eit stort ansvar for å hjelpa dei som treng det. Det er ikkje berre laust snakk, saman med ektemannen har ho gjeve store summar til og brukt mykje tid på slike prosjekt.

Så det er litt ujamt, men det vert aldri verkeleg keisamt. Det kan det nesten ikkje vera når Letterman er med i samtalen. Han er så rutinert at han veit korleis han skal oppføra seg, kva som fungerer og korleis han skal respondera på det han høyrer.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar