26. mai 2022

My Next Guest Needs No Introduction, sesong 4 (2022)

 

Dette er framleis ein fin serie. David Letterman kan snakka med folk - han ler når det trengst, han teier når det trengst, han er sympatisk når det trengst. Han stiller dei rette spørsmåla, og han får dei han snakkar med til å snakka godt.

Samstundes er jo ein god samtale avhengig av meir enn éin person. Dei episodane som fungerer best her er dei der også den andre gjev eit godt inntrykk. Slik er det ikkje alltid. Will Smith verkar altfor høg på seg sjølv, og har ikkje så mykje interessant på hjarta. Episoden med Cardi B tek seg stort opp i den siste halvdelen, men fram til dess er ho litt for mykje stjerne. Samtalen med Billie Eilish og bror hennar er sånn midt på treet - av og til sjarmerande, av og til noko meir livlaus.

Dei tre siste episodane er dei beste. Ryan Reynolds, som eg har sett i nokre filmar eller på fjernsyn, men som eg ikkje ante kva heiter, er aldeles avslappa og sjarmerande. Basketballspelaren Kevin Durant, som eg aldri har høyrt om, er ikkje den som snakkar mest, men han har ein flott humor. Julia Louis-Dreyfus er òg rimeleg underhaldande.

Men fellesnemnaren er altså Letterman. Nokre intervju er på ei scene, andre er i meir vanlege rom (eller utandørs). I tillegg til intervjua kjem det heile tida ein aktivitet - fisking, gocart, pizza-laging, osb - og her er Letterman i sitt ess. Han smalltalkar utan stopp, han seier absurde ting, han får folk til å le, og det er ikkje vanskeleg å skjøna at han fekk ei lang karriere på amerikansk fjernsyn.

Guffen tilrår.   

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar