28. desember 2018

Jason Zinoman: Letterman (2017)

Eg veit vel eigentleg ikkje så mykje om amerikanske talkshow. Eg kunne sikkert ramsa opp namna på fleire talkshow-vertar, men eg veit ikkje korleis programma deira er, og heller ikkje korleis dei ser ut eller kva publikum dei vender seg mot. Eg var eit år i USA for lenge sidan, seint i 1980-åra, og såg så vidt på nokre av talkshowa då. Nokre eg var på besøk hjå tilrådde Johnny Carson, andre heldt på David Letterman. Carson var eg ikkje spesielt imponert over, men Letterman var bra. Ved seinare besøk i USA såg eg av og til programma hans, og for femten år sidan sende òg NRK2 programma hans i eit halvår (omtrent).

Eg likte det eg såg. Letterman er språkleg god - ikkje berre snakkar han godt med gjestar, men han fortel òg vitsar og historier på ein suveren måte. Mange av dei faste innslaga var solide, samspelet med Paul Schaffer, den musikalske leiaren, var finfint. Det var likevel slik at programmet tapte seg etter at gjestane kom inn, det fyrste kvarteret, der det var vitsar og filmar og ulike innslag, svinga langt meir.

Letterman gav seg i 2015. Etter det har han mellom anna laga ein serie for Netflix, der han gjer timelange intervju med utvalde personar.

Denne boka tek føre seg heile karriera til Letterman. Han arbeider i studentradio, han var vermeldar for ein lokal fjernsynsstasjon, han var vert for eit frukost-TV-program, før han i 1982 tok til med kveldsprogram. Heile vegen mot kveldsprogramma tøyde han grensene for korleis programma burde vera, og slik vart det òg etter at det vart kveldsprogram. Noko fungerte, noko var mindre vellukka, men han fekk etter vart mange sjåarar. Ei tid, etter at Carson pensjonerte seg, var han den mest populære talkshowverten. Boka fortel historia godt. Mange bøker om komikarar eller komiske tema prøver for hardt å vera morosame sjølv, men slik er det ikkje her. Her er mange gode anekdotar, mange fornøyelege episodar, men dei vert fortalde slik dei skal forteljast.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar