29. mai 2021

Garrison Keillor: Lake Wobegon Virus (2020)

 

Keillor reiser tilbake til Lake Wobegon, på fleire måtar. Lake Wobegon er ein liten by i Minnesota, og alle som har reist rundt i det meir rurale delane av den staten kjenner seg igjen. Byen er oppdikta, Keillor tok vel til å snakka om byen (som han kallar heimbyen sin) ein gong i 1970-åra. Han har skrive mykje om byen. Slik er det òg her. Han skriv seg altså tilbake til Lake Wobegon, og denne gongen møter me òg ein eg-person, som er ein forfattar som minner mykje om Keillor. 

Byen vert ramma av eit virus som får folk til å gjera heilt uventa (og upassande) ting. Kvinnelege servitørar viser fram brysta sine, presten preikar om noko heilt anna det prestar vanlegvis preikar om, og så bortetter. Ingen skjønar heilt kva som skjer, men det kjem folk utanfrå for å undersøkja, og det viser seg at den ubehandla osten til ein av farmarane like utanfor byen er litt for ubehandla.

Handlinga i boka er ikkje det viktigaste. Det kjem ei rekkje avsporingar og side-historier. Alle er sjølvsagt ikkje bra, men her er veldig mykje å humra over. Gode setningar, gode observasjonar, gode poeng. Her er som vanleg mykje nostalgi, det heile handlar jo mykje om samfunn Keillor (til dels) vaks opp i, samfunn som er på veg ut no. 

Garrison Keillor kjem altså tilbake til Lake Wobegon, og mot slutten av boka slo det meg at dette vert siste gongen. Etter at den eigentlege handlinga er over og eg-personen skal tilbake til storbylivet sitt, kjem det to flotte og uventa rørande kapittel der han møter mange av figurane han har skapt på Chatterbox Cafe. Det viser seg at det er 4. juli, og under feiringa av nasjonaldagen held han ein fin og improvisert tale som minner om avskilsord. Det siste ordet i boka, dismissed, kan òg tyda på at det heile er over.   

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)

Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)

24. mai 2021

Arnfinn Kolerud: Gamle menn i syningom (2021)

 

I 2018 vart John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre, kåra til Årets nynorskbrukar. Han ynskte at Nynorsk kultursentrum skulle gje prispengane, 100 000 kroner, til eit godt føremål, og dei gav summen til Kolerud, slik at han kan kunne fullføra Vassbygdi-trilogien sin. Det var god pengebruk, for denne boka var det verdt å venta på. Kolerud er (som vanleg) i toppform.  

Handlinga går føre seg i eit Noreg (eller Norike) der det berre er ein nynorskkommune att. Der har dei lyst til å heidra nynorsken med å laga eit nynorsk Mount Rushmore. Parallelt med dette er den store sabotøren Orm Åkerstein i Oslo for å setja Riksmålsforbundet i eit dårleg lys. Og Bendik Uføre arbeider med å få laga eit nynorsk dataspel.

Ingenting går heilt etter planen. Mount Rushmore vert ikkje ferdig. Åkerstein lukkast ei stund, men vert overmanna av den listige formannen i Riksmålsforbundet, Hans Vik. (Eg reknar med at det ikkje er tilfeldig at namnet hans rimar på Landssvik.) Dataspelet vert heller ikkje realisert. Den beste ideen til Uføre er eit Vesaas-spel, der Mattis må redda Siss og Unn ut av ein frosen foss før dei frys i hel.

Her er mykje å le av, og endå meir å smila av. Kolerud boltrar seg i gode ordspel og gode påfunn. Han fortel mellom anna at då det norske gullet vart frakta til Storbritannia i 1940 var der òg store mengder kasser med nynorske ordlister om bord, og dei kassene var definerte som det viktigaste på båten. Både gullet og kongefamilien skulle ofrast før ordlistene. Kolerud kjem òg med små referansar til den nynorske litteraturen, to stader bruker han til dømes uttrykket "løynde eldars land". (For den ufaglærte: Det er eit dikt av Tarjei Vesaas.)

Guffen tilrår.  

Meir Kolerud på kulturguffebloggen
Langt frå bambus (1999)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Zommarferien (2007)
Når ein først skal skyte nokon (2010)
Kom ikkje inn i mitt hus (2012)
Snillionen (2017)

23. mai 2021

Mark Twain: The Adventures of Huck Finn (1884)

 

Huck Finn, som me møtte i The Adventures of Tom Sawyer, er forteljaren i denne boka. Han rømmer frå heimbyen, tilfeldigvis saman med slaven Jim. Dei lagar ein flåte og siglar nedover Mississippi. Opplevingane står i kø, og grovt sett skjer dette: I Kentucky vert Huck innblanda i ein årelang kamp mellom to familier. I Arkansas møter dei to bløffmakarar, som kallar seg konge og hertug, og desse fire reiser saman ei stund. Den siste delen av boka skjer på garden til tanta og onkelen til Tom Sawyer. Jim vert mistenkt for å vera ein rømt slave, og er låst inne av gardsfolket. Huck gjev seg ut for å vera Tom, og då Tom dukkar opp gjev Tom seg ut for å vera bror sin.

Det er ei fin og fornøyeleg bok, sjølv om delen med dei to bløffmakarane er altfor, altfor lang. Det heile er skrive i eit lystig og levande språk, med hyppig bruk av ulike dialektar (og sosiolektar). Reisa til Jim og Huck er ei reise gjennom USA. Det kjem tydeleg fram at haldninga til andre er høgst varierande. Både Huck (og Twain) er motstandarar av slaveriet, til dømes, men jo lengre sørover flåten kjem, jo vanskelegare vert livet for Jim.

Guffen tilrår. 

Meir Twain på kulturguffebloggen
The Adventures of Tom Sawyer (1886)

22. mai 2021

Sleepers (1996)

 

Fire unge gutar frå bydelen Hell's Kitchen i New York finn på mange sprell. Eitt av dei går heilt gale: Dei er uheldige og sender ei pølsevogn ned trappa til ein undergrunnsstasjon, og vogna råkar ein mann som vert hardt skadd. Dei fire vert sende til eit ungdomsfengsel, der dei alle vert mishandla av nokre av vaktene. 

Dei gjer ikkje noko med det då, men mange år seinare møter to av dei tilfeldigvis den verste av vaktene på ein bar. Dei tek livet av han, og vert pågripne av politiet kort tid etterpå. Ein tredje av barndomskameratane arbeider no som statsadvokat, og han vert aktor i saka. Han bestemmer seg for å bryta advokat-eiden sin, og prøver å få dei to frikjent. Det greier dei, takka vera at ein prest dei kjende frå barndommen vitnar falskt, og gjev dei to skuldige albi.

Det er mykje godt å seia om filmen. Her er til dømes mykje bra skodespel. Det er alltid kjekt å sjå Robert De Niro, og her er òg solide folk som Dustin Hoffman og Brad Pitt med. Det er ein god historie, men her er òg ei merkeleg logisk brist. Når presten vitnar falsk seier han at han var saman med dei to mordarane på baseballkamp, og viste fram billettane frå kampen. Viss dette skulle ha vore sant, kvifor hadde ikkje dei to mordarane sagt det før?

Guffen er lunken. 

21. mai 2021

Frode Grytten: Rom ved havet, rom i byen (2007)

Dette er ei uvanleg solid novellesamling, og det kan godt vera den beste boka til Grytten. 

Han har teke utgangspunkt i ti måleri av den amerikanske målaren Edward Hopper. Det best kjende måleriet hans er "The Nighthawks". Det er ikkje med her, men stemninga er ikkje ulik i dei ti måleria som opnar novellene. Det ligg noko melankolsk over heile boka, både i tekst og bilete.

Mange av dei han skriv om er i eit forhold som ikkje fungerer. Skal dei bli eller skal dei gå? Nokre blir, nokre går. Novellene opnar gjerne med ei skildring av det måleria viser, før Grytten tek over og diktar vidare. Det er skrive med varme, det er skrive med humor, og det er skrive av ein forfattar som verkeleg viser at han kan noveller.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Bikubegang (2005)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

19. mai 2021

Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)

Roman nummer to frå Tarjei Vesaas. Det er langt fram til dei verkeleg store romanane hans, og delar av boka er tunge å koma gjennom. Utan lyspunkt er det likevel ikkje.

Huskuld han var seg ein jordeigarmann. Han er ein eldre mann som bur for seg sjølv, men ein vinterkveld får han besøk av ei kvinne og son hennar, Ingebjønn. Ho snik seg vekk ei natt, og Huskuld må ta seg av guten. Han har ikkje røynsle med dette, og i fyrsten er han usikker på korleis han skal greia det. Gradvis får dei to eit nært forhold. Ingebjønn vert avhengig av Huskuld; Huskuld vert glad i Ingebjønn. Dei arbeider litt i skogen, saman med fire tømmerhoggarar, og dei har eit godt liv. Heilt til mora kjem og hentar han igjen. Huskuld, som har levd åleine det meste av livet, saknar guten, og legg ut på ei lang reise for å finna han att. Viss ikkje det går, er han på leit etter andre ungar han kan ta over. 

Delen der Ingebjønn og Huskuld er saman er den beste. I dei andre delane av boka går det seint. Språket er ofte fint, men det vert litt i meste laget med tenkjande plantar og dyr. Det kan godt henda at dette er den veikaste romanen til Vesaas.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

16. mai 2021

Ragnar Hovland: Bussen til Peking (1984)

Ragnar Hovland har ein variert forfattarskap, og bøker som dette er med på å auka variasjon: Her er ein bolk med attdiktingar, ein med korte tekstar, ein med litt lengre dikt, her kjem ein kriminalroman (utan konklusjon), her er ei samling med artiklar, osb. Alt er ikkje like fengande, men stort sett er det velstand.

Kriminalromanen, Døden kjem presis, er frå 1977, altså to år før Alltid fleire dagar, debutboka til Hovland kom ut. (Her er forresten òg teke med eit utelate kapittel frå debutboka.) Handlinga er lagt til Bergen, og vert fortalt av ein privatdetektiv som er slik privatdetektivar skal vera. Han skal finna ein forsvunnen person, men det greier han ikkje. I eit kort etterord skriv Hovland at det var meininga at romanen skulle fullførast, men at han aldri kom så langt. 

Dei korte tekstane, som vert kalla eksotismar, er jamt over fine, og peikar på ein måte framover mot Sjølvmord i Skilpaddekafeen. I bolken med artiklar, som denne boka er kalla opp etter, er der mellom anna lange referat frå Vossa Jazz 1977 og 1983, og der er òg referat frå to forfattarkveldar i regi av Vestlands-avdelinga av Norsk Forfattarsentrum, der mellom anna Ragnvald Vaage er med. Hovland er, som mange veit, ein av dei store kråke-forfattarane i norsk litteratur, og om Vaage skriv han at "han skreiv brukande dikt, han skreiv til og med om kråker utan å la dei vere symbol på noko".

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)