29. mai 2021

Garrison Keillor: Lake Wobegon Virus (2020)

 

Keillor reiser tilbake til Lake Wobegon, på fleire måtar. Lake Wobegon er ein liten by i Minnesota, og alle som har reist rundt i det meir rurale delane av den staten kjenner seg igjen. Byen er oppdikta, Keillor tok vel til å snakka om byen (som han kallar heimbyen sin) ein gong i 1970-åra. Han har skrive mykje om byen. Slik er det òg her. Han skriv seg altså tilbake til Lake Wobegon, og denne gongen møter me òg ein eg-person, som er ein forfattar som minner mykje om Keillor. 

Byen vert ramma av eit virus som får folk til å gjera heilt uventa (og upassande) ting. Kvinnelege servitørar viser fram brysta sine, presten preikar om noko heilt anna det prestar vanlegvis preikar om, og så bortetter. Ingen skjønar heilt kva som skjer, men det kjem folk utanfrå for å undersøkja, og det viser seg at den ubehandla osten til ein av farmarane like utanfor byen er litt for ubehandla.

Handlinga i boka er ikkje det viktigaste. Det kjem ei rekkje avsporingar og side-historier. Alle er sjølvsagt ikkje bra, men her er veldig mykje å humra over. Gode setningar, gode observasjonar, gode poeng. Her er som vanleg mykje nostalgi, det heile handlar jo mykje om samfunn Keillor (til dels) vaks opp i, samfunn som er på veg ut no. 

Garrison Keillor kjem altså tilbake til Lake Wobegon, og mot slutten av boka slo det meg at dette vert siste gongen. Etter at den eigentlege handlinga er over og eg-personen skal tilbake til storbylivet sitt, kjem det to flotte og uventa rørande kapittel der han møter mange av figurane han har skapt på Chatterbox Cafe. Det viser seg at det er 4. juli, og under feiringa av nasjonaldagen held han ein fin og improvisert tale som minner om avskilsord. Det siste ordet i boka, dismissed, kan òg tyda på at det heile er over.   

Guffen tilrår.

Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)

Lake Wobegon Summer 1956 (2001)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)

The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar