22. mai 2021

Sleepers (1996)

 

Fire unge gutar frå bydelen Hell's Kitchen i New York finn på mange sprell. Eitt av dei går heilt gale: Dei er uheldige og sender ei pølsevogn ned trappa til ein undergrunnsstasjon, og vogna råkar ein mann som vert hardt skadd. Dei fire vert sende til eit ungdomsfengsel, der dei alle vert mishandla av nokre av vaktene. 

Dei gjer ikkje noko med det då, men mange år seinare møter to av dei tilfeldigvis den verste av vaktene på ein bar. Dei tek livet av han, og vert pågripne av politiet kort tid etterpå. Ein tredje av barndomskameratane arbeider no som statsadvokat, og han vert aktor i saka. Han bestemmer seg for å bryta advokat-eiden sin, og prøver å få dei to frikjent. Det greier dei, takka vera at ein prest dei kjende frå barndommen vitnar falskt, og gjev dei to skuldige albi.

Det er mykje godt å seia om filmen. Her er til dømes mykje bra skodespel. Det er alltid kjekt å sjå Robert De Niro, og her er òg solide folk som Dustin Hoffman og Brad Pitt med. Det er ein god historie, men her er òg ei merkeleg logisk brist. Når presten vitnar falsk seier han at han var saman med dei to mordarane på baseballkamp, og viste fram billettane frå kampen. Viss dette skulle ha vore sant, kvifor hadde ikkje dei to mordarane sagt det før?

Guffen er lunken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar