27. november 2020

Mark Twain: The Adventures of Tom Sawyer (1876)

 

I gamle dagar tinga foreldra våre Norsk Barneblad til oss. Det var eit veldig godt barneblad, og eg er framleis overtydd at det var der eg lærte å lesa. Bladet hadde framhaldssoger, som ofte var klassikarar frå barnelitteraturen, lett forkorta, og glimrande illustrert. Der var der eg fyrste gong las om Tom Sawyer. Eg har lese boka med jamne mellomrom, og det er framleis ei finfin bok.

Det er ei barnebok slik gode barnebøker skal vera: Det er artig også for oss vaksne å lesa dette. Det handlar om Tom Sawyer, som veks opp i den oppdikta byen St. Petersburg. Twain henta inspirasjon frå sin eigen oppvekst i byen Hannibal, Missouri. Sawyer er inspirert av tre-fire ulike gutar, og han er ein artig skrue. Han har det best når han driv dank og er sin eigen herre. Skule og slikt er mest til bry. 

Han har svært god fantasi, som vert svært synleg når han og to andre rømmer heimefrå og slår seg ned på ei lita øy i elva Mississippi, der dei leikar at dei er sjørøvarar. Dei vert der ei veke. Han er òg svært overtruisk, og ein gong han og ein til oppsøkjer eit forlatt hus vert dei vitne til at to bandittar fortel skremmande ting. Og i tillegg til alt dette drøymer han om damer. Mot slutten heng alt i hop med alt, og Tom Sawyer er brått den store helten.

Det er altså finfine greier. Twain får verkeleg godt fram korleis smågutar tenkjer, og det er ikkje vanskeleg å sjå at gutar som les denne boka godt kan tenkja seg å vera som Sawyer. Boka er òg ei god skildring av den amerikanske midt-vesten midt på 1800-talet, der samfunnet ikkje er ferdig bygd, og der det alt har vorte skapt eit klasse-samfunn.

Guffen tilrår. 

Meir Twain på kulturguffebloggen
The Adventures of Huck Finn (1884)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar