23. mai 2021

Mark Twain: The Adventures of Huck Finn (1884)

 

Huck Finn, som me møtte i The Adventures of Tom Sawyer, er forteljaren i denne boka. Han rømmer frå heimbyen, tilfeldigvis saman med slaven Jim. Dei lagar ein flåte og siglar nedover Mississippi. Opplevingane står i kø, og grovt sett skjer dette: I Kentucky vert Huck innblanda i ein årelang kamp mellom to familier. I Arkansas møter dei to bløffmakarar, som kallar seg konge og hertug, og desse fire reiser saman ei stund. Den siste delen av boka skjer på garden til tanta og onkelen til Tom Sawyer. Jim vert mistenkt for å vera ein rømt slave, og er låst inne av gardsfolket. Huck gjev seg ut for å vera Tom, og då Tom dukkar opp gjev Tom seg ut for å vera bror sin.

Det er ei fin og fornøyeleg bok, sjølv om delen med dei to bløffmakarane er altfor, altfor lang. Det heile er skrive i eit lystig og levande språk, med hyppig bruk av ulike dialektar (og sosiolektar). Reisa til Jim og Huck er ei reise gjennom USA. Det kjem tydeleg fram at haldninga til andre er høgst varierande. Både Huck (og Twain) er motstandarar av slaveriet, til dømes, men jo lengre sørover flåten kjem, jo vanskelegare vert livet for Jim.

Guffen tilrår. 

Meir Twain på kulturguffebloggen
The Adventures of Tom Sawyer (1886)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar