Dette er den tredje Keillor-boka eg les i år. Eg vart positivt overraska over den fyrste, og også den andre hadde definitivt sine lyse sider. Begge dei bøkene var samlingar av tekstar frå ulike tider og kjelder, og opningskapitlet i denne romanen meiner eg var med i begge dei andre bøkene, i lett komprimert form.
Denne boka er diverre ikkje like god som dei to andre, og er mange nivå under Lake Wobegon Days, som vel var gjennombrotsromanen til Keillor. Eg-personen i denne boka heiter Gary, og det heile ser ut til å vera basert på Keillor sin eigen oppvekst. Gary er fjorten år, han er veldig oppteken av jenter, han er veldig oppteken av baseball. Han får skriva litt om baseball for lokalavisa, og trivst godt med det, men er eigentleg meir interessert i å skriva popsongar, slik dei meir uskikkelege ungdomane i byen gjer.
Keillor skildrar ein amerikansk småby der jantelova pregar bybiletet. Ingen skal skilja seg ut, idealet er å vera lik alle andre. Alt som er framand og ukjent er farleg, og alt var betre før popmusikken og fjernsynet kom. Det er ikkje altfor originalt, og her er heller ikkje så mykje å le av.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Keillor på kulturguffebloggen
Happy to Be Here (1981)
Lake Wobegon Days (1985)
Leaving Home (1987)
We Are Still Married (1989)
In Search of Lake Wobegon (2001)
Liberty (2008)
Life Among the Lutherans (2009)
The Keillor Reader (2014)
That Time of Year (2020)
Lake Wobegon Virus (2020)
13. juni 2016
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar