2. oktober 2011

Åke Holmberg: Ture Sventon. Privatdetektiv (1962)

I rein gledesrus etter å lese den glimrande Ture Sventon i London for nokre dagar sidan fann eg fram denne òg. Dette er den fyrste boka om Ture Sventon, den beste privatdetektiven i verda. Ho er diverre ikkje like god som dei to andre eg har lese.

Hovudproblemet er truleg at Holmberg her bruker for mykje tid på å presentera Sventon. Boka er omtrent like tjukk (eller tynn) som dei andre, men her går fleire kapittel med til å fortelja om korleis Sventon fekk tak i det vidgjetne flygande teppet sitt, og korleis han gjorde seg kjend med det. Det tek òg for lang tid før kriminalsaka som skal løysast sukkar opp. Og humoren er ikkje like tydeleg her.

Sventon held til Stockholm, men må her løysa eit problem i Solbærsund. Der har ein banditt med det glimrande namnet Oksen herja litt med nokre småungar, og saman med meisterhjernen Ilderen, som med tida skal verta erkefienden til Sventon, prøver han å pressa nokre gamle tanter til å betala dei for at dei ikkje skal stela ein svær sylvpokal dei har. Dei tilkallar Sventon, som blandar genialitet med flaks og fakkar tjuvane. Han flyg dei tilbake til Stockholm på det flygande teppet sitt, og over natta vert han ei superstjerne. I boka vert han introdusert for det svenske folket; boka introduserer han til dei svenske lesarane. Men det finst altså langt betre bøker om Sventon.

Guffen er lunken.

Meir Holmberg på kulturguffebloggen
Ture Sventon i London (1950)

1 kommentar: