18. november 2021

Den usannsynlige morderen (2021)

 

Den 28. februar 1986 var eg på veg til Hustad leir. Eg reiste sjølvsagt med toget, og la inn nokre dagar i Oslo på veg dit. Eg budde hjå Inge, og den kvelden hadde me truleg vore på ein eller annan konsert. Me kom i alle fall seint heim. Me skrudde på radioen, og der var det berre sørgjemusikk. Etter ei stund kom det ei røyst inn og sa at den svenske statsministeren Olof Palme var drepen.

Denne serien handlar om det drapet, og om tida etterpå. Det handlar kanskje mest om det svenske politiet, som i denne serien gjer alt dei kan for å ikkje finna mordaren. Han er heile tida rett framfor augene deira, men han som sit øvst i politi-pyramiden vil ikkje sjå det. Han er oppteken av sine eigne hypotesar, og går på smell etter smell. 

Løysinga som vert sett fram her er ikkje bombesikker. Serien er basert på ei bok frå 2018, og to år seinare stadfesta det svenske politiet at dei er samde. Han som vert peika ut her lever ikkje meir, slik at politiet la vekk saka. Alle er ikkje overtydde. Serien kan kanskje reknast som eit partsinnlegg, men ut frå det som kjem fram her var det absolutt mogleg at Stig Engström var mordaren. Han var der då det skjedde. Han hadde eit slags motiv. Han motsa seg sjølv så ofte i avis-intervju og politi-avhøyr at det burde kimt i klokkene berre der. Men det gjorde det altså ikkje.

Serien er finfin. Det heile vert heldigvis ikkje presentert kronologisk, slik at me må pusla litt saman sjølv. Og Robert Gustafsson er aldeles strålande i rolla som Engström.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar