Dette er solide saker. Eg hadde eigentleg lyst til å skriva at etterkrigstida var ein gullalder i svensk barne- og ungdomslitteratur, men sidan eg sjølv ser to innvendingar mot ein slik påstand, kan det vera greitt å droppa det. Eg veit for lite om svensk litteratur til å vita om det stemmer, og dessutan kjem det jo stadig ut glimrande barnebøker på svensk, både seriane om Bø og Bæ og Prikk og Flekk er fine greier. Dessutan ville eg grunngje den tynne gullalderhypotesa ved å visa til dei aldeles fabelaktige bøkene Ulf Löfgren og Leif Krantz (og til dels Astrid Lindgren) laga om Ole og Anna Fia, men dei kom tidleg i 60-åra, slik at det er kanskje for stort mellomrom mellom Sventon og dei andre til å slå dei saman til ein gullalder.
Men altså: Dette er solide saker. Eg las Ture Sventon i ørkenen for mange år sidan, og slo til då eg fann denne og ei til i eit antikvariat. Det angrar eg ikkje på, det er ikkje kvar dag eg ler så godt av bøker eg les.
Sjølve historia er grei nok. Der er nokre originale trekk, privatdetektiven Ture Sventon har til dømes ein svakheit for vassbakkels. Han har ein talefeil som gjer at han seier bannbakkesser og pitol. Og han har eit flygande teppe. I denne historia får han besøk av den engelske lord Hubbard, som har kome heilt frå London for å få svar på eit mysterie heimefrå: Kven er den mystiske mannen som brått dukkar opp heime hjå han, og som forsvinn like fort som han kom? Sventon-kjennarar veit sjølvsagt at det er Ilderen, erkefienden til Sventon, og kjennarar veit òg at Sventon kjem til å løysa mysteriet. Det er likevel ikkje der gleda over denne boka ligg.
Den ligg i språket. Boka er glimrande omsett av Zinken Hopp, og her er nok av utsøkte situasjonar og dialogar. Samtalen mellom Hubbard og Sventon er eit fint eksempel på dette, begge er like glade i å misforstå det den andre seier. På dei åtte-ti sidene denne samtalen varer er me innom ei rekkje tema, som underbukseprodusentar i England, kunstverk av ein ukjent meister ("Ukjent? Hvordan kan dere vite at det var en mester da?"), gåver frå den britiske kongefamilien, ro-tevlinga mellom Oxford og Cambridge, og sikkert nokre til, før dei endeleg kjem til poenget.
Guffen tilrår.
Meir Holmberg på kulturguffebloggen
Ture Sventon. Privatdetektiv (1962)
29. september 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar