9. august 2026

Iain Key (red.): Billy Bragg. A People's History (2025)

Billy Bragg er vel ein av desse artistane eg likar godt, utan at eg kjenner musikken hans i detalj. Dei tre-fire fyrste platene hans var finfine, og eg var på konsert med han to gonger seint i 1980-åra, men eg datt litt av utover 1990-åra. I gamle dagar var det stort sett berre han og gitaren, seinare har han òg hatt med seg fleire på scena. Han er sosialist, og mange av songane hans er sterkt politiske. Men han skriv òg varme songar om kjærleik og nærleik. Konsertane hans er ein blanding av musikk, politikk og humor - han er ein god forteljar, og han kan vera hylande morosam.

Han har mange trugne fans, og i denne boka kjem meir enn 700 av dei til orde. Boka er kronologisk lagt opp, slik at desse 700+ tekstane oftast er knytte til konsertar. Av og til kjem Bragg sjølv inn med forklaringar og opplysningar, men stort sett er det altså fansen som skriv. Og dei skriv godt - fabelaktig godt. 

Nokre få av desse stykka er rett nok enkle, av typen "eg har likt Bragg i mange år, eg har alle platene og har vore på mange konsertar, og eg synest at han er flink". Men stort sett er dei gode, og mange av dei er både varme og rørande. Svært mange nemner songen "Tank Park Salute", ein song Bragg skreiv etter at far hans døydde, og dei fortel om korleis tårene strøymer når den songen vert framført live. Ein annan song som ofte vert nemnt er "A New England", med refrenget "I don't want to change the world/I'm not looking for a new England/I'm just looking for another girl". Ei kvinne fortel om ein konsert ho var på saman med eks-mannen. Han song med på alle songane, men ikkje denne. Ho spurde kvifor, og han sa at "he was not looking for a new girl". Ho skriv vidare at "That was probably the most romantic thing he ever said to me in the 16 years I wasted with that motherfucker".

Men det som verkeleg gjer desse tekstane gode, er at dei viser korleis Bragg er. Han snakkar med alle, og han gjer det av di han likar det. Han kjem alltid ut i salen etter konsertar og snakkar med dei som vil. Han gjev gode råd, han kjem med gode replikkar, og han gjev gjerne ein raus klem til dei som treng det. Han framstår svært folkeleg, og det er jo òg gledeleg at han står fast ved dei politiske ideane som prega han i ungdommen. Eg fekk lyst til å gå på ein Bragg-konsert igjen ein gong, og eg vonar at det let seg gjera.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar