21. mai 2020

Hans Rosling: Factfulness (2018)

Eg har ei romsleg hylle der det står bøker som ventar på å verta lesne. For litt sidan las eg ei bok eg fekk til jol av Aslak L., og då slo det meg at det i ventehylla stod tre bøker eg har fått frå Tørsten. Eg kasta meg over eit par av dei, slik at det ikkje vert bråk neste gong han kjem innom. Dette var den fyrste eg las ferdig, og det var mest av di det er ei finfin bok.

Hans Rosling skreiv boka saman med sonen Ola Rosling og svigerdottera Anna Rosling Rönnlund. Den viktigaste bodskapen deira er at det står langt betre til i verda enn dei aller fleste trur. Me er opphengte i det me lærte då me var små, me vert lurte av at media oftast rapporterer om negative hendingar, me har lett for å snakka om oss og dei, osb. I ti kapittel tek dei føre seg ulike sider, og alt dei skriv er underbygd av truverdige statistikkar og reine fakta.

For Rosling er det grunnleggjande feil å snakka om utvikla og underutvikla land. Han skriv om fire nivå, der land vert plassert etter korleis helsetilstanden og økonomien i landet er. Alle land, viser han, bevegar seg mot det høgaste nivået. Det er langt færre land på nivå 1 i dag enn for berre femti år sidan. Alt går framover. Fleire born vert vaksinerte, fleire jenter får skulegang og utdanning, familiar får færre born, osb.

Det er komplett umogleg å ikkje læra noko nytt av denne boka, og det må òg vera vanskeleg å lesa denne boka utan at haldningane dine vert endra.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar