20. juni 2022

Clark (2022)

Denne serien handlar om Clark Olofsson, ein svensk serie-kriminell. Han går inn og ut av fengsel, og det verkar som om det stort sett er det han gjer. Han bryt seg ut, og utfører nye brotsverk. Han er ute på permisjon, og utfører nye brotsverk. Han sjarmerer ein del damer, og seier at han skal skjerpa seg, men det skjer aldri. Han tek kvar dag som han kjem, og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om at han vert arrestert. 

Han vart tidleg ein kjent person i Sverige, og etter eit gisseldrama i ein bank i Sverige vart han kjendis. Ein kriminell han kjende tok nokre gislar, og forlanga at Olofsson skulle koma til banken. Det fekk Olofsson lov til, og vart der nokre dagar, til han andre gav opp. Frå då av var han jamleg i avisene, og det er han framleis. No bur han visst i Belgia. Han er noko over 70 år, men det er ikkje mange år sidan han sist sat i fengsel.

Serien er finfin. Det går fort, det er fargerikt, det er lystig, og her er mykje å le av. Clark, slik me møter han i serien, er ein person det er uråd å lika, og ein person det er uråd å mislika. Han gjer kva som helst mot (nesten) kven som helst, men er òg så til dei grader sjarmerande. Han strør om seg med halvgode og dårlege vitsar. Dei mest alvorlege scenene kjem når han tenkjer tilbake på oppveksten, der den valdelege og alkoholiserte faren øydela det som kunne ha vore ein harmonisk familie.

Guffen tilrår.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar