1. januar 2019

Mike Diamond og Adam Horowitz: Beastie Boys Book (2018)

Eg har to rap-plater, og begge er Beastie Boys-plater: Paul's Boutique og Ill Communication. Begge er finfine. Den fyrste er hakket betre, men den andre er meir variert. Slik sett er det den denne boka minner om. Her er mange ulike tekstar og artiklar og biletsamlingar, også slike som ikkje er skrivne av Mike Diamond eller Adam Horowitz.

Beastie Boys var aktive frå 1981 til 2012. Det året døydde den tredje i bandet, Adam Yauch. Boka handlar om heile historia deira, men er òg skrive for å heidra Yauch. Han får mykje skryt, ikkje minst i ein fabelaktig opningsartikkel. Fleire stader i boka står det noko slikt som at ingen andre enn Yauch ville tenkt eller gjort akkurat dette, og det verkar som om det var han som var ideologen bak bandet.

I den grad dei hadde ein ideolog - noko av det som fenga med Beach Boys var at dei verka som tre luringar som leika seg gjennom livet. Dei hadde det moro, rett og slett, same kva dei dreiv med - musikk, videoar, turnear, osb. Dei framstod rett nok som nokre deigar i åra rett etter at dei slo gjennom, men dei tok seg fort inn att. Dei hadde stil, dei var kreative, og dei samla andre kreative sjeler rundt seg.

Boka er finfin. Her er korte kapittel, som regel skrivne av ein av dei to. Har den andre merknader til det kapitlet, kjem det med i små tekstboksar. Dei skriv godt, og nokre av historiene er uvanleg artige. Ein favoritt i så måte er den om ein ring Horowitz fekk i 1992, av ein innpåsliten fan som meinte at ringen var magisk. Her trur eg eg lo høgt, og det gjorde eg nok fleire gonger òg.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar