2. oktober 2018

Tony Barrell: The Beatles on the Roof (2017)

I januar 1969 gjorde The Beatles noko dei ikkje hadde gjort sidan 1966: Dei spelte ein konsert. Det var rett nok ein litt uvanleg konsert - han var ikkje annonsert, dei spelte på toppen av Apple-huset sitt, dei aller fleste som høyrde på kunne ikkje sjå musikarane, og konserten vart avbroten av politiet. At dei valde å ha denne konserten hang saman med at dei hadde valt å filma prosessen fram mot ei ferdig plate. Det vart ei hard prøve for dei fire, stemninga var heller dårleg dei i mellom. Det kom seg under denne konserten, då dei såg ut til å ha det rimeleg godt.

Det er skrive hundrevis av bøker om The Beatles. Nokre dekkjer heile historia deira, men dei vert det færre av. Det verkar som om det vert vanlegare med bøker som konsar på éi hending eller éit gjennomgåande tema. Slik sett er det ikkje ein dårleg idé å skriva ei bok om denne konserten.

Diverre får ikkje Barrell det heilt til. Det ser nesten ut som om han, i frykt for at boka skal verta for tynn, tek med altfor mykje irrelevant stoff. Ting som skjer elles i verda, ting som skjer elles i popverda, osb. Opningskapitlet, om alt som skjedde i 1968, vert òg litt for omfattande. Og det vert ekstra skuffande når kapitlet om sjølve konserten ikkje er spesielt velskrive eller godt komponert - her vekslar han mellom fleire stader og svært mange folk. Til slutt sit eg att med eitt einaste spørsmål: Vart eg eigentleg så mykje klokare av denne boka?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

24. september 2018

Cape Fear (1991)

Denne gjekk på fjernsynet her om kvelden. Eg var litt usikker på om eg skulle sjå han - eg såg han då han kom ut for mange år sidan, og hadde ei kjensle av at det var sånn midt på treet. På den andre sida er jo Robert de Niro med, og då kan det vanskeleg verta heilt mislukka.

Utgangspunktet er ein vanskeleg situasjon for ein advokat: Han representerer ein mann som er anklaga for valdtekt. Han får laga ein rapport som seier at offeret var ein rundbrennar. Jobben hans er å få den tiltalte fri, men han vert overtydd om at han er skuldig, og han held difor rapporten skjult. Den tiltalte sonar fjorten år i fengsel, og filmen tek til når han slepp ut. Det einaste han tenkjer på er å hemna seg på advokaten. Dei neste dagane eller vekene vert rein terror for han og familien hans. Og for ei på kontoret hans.

Det er ein av desse filmane der det i grove trekk er vanskeleg å unngå å skjøna kva som skal skje. Filmen er prega av tida han var laga, og det er ikkje måte på kor strigla advokaten og kona er. Dottera er litt mindre strigla. Det går seint, det er utan humor, og det einaste som er verdt noko er skodespelet til de Niro.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

23. september 2018

Alan Smith: Heads Up (2018)

Det er ei stund sidan eg las sjølvbiografien til ein fotballspelar. Etter å ha lese denne kjenner eg ikkje akkurat at det hastar med å lesa fleire. Alan Smith spelte for Arsenal frå 1987 til 1995, omtrent, og var sentral i den tidlegaste delen av den nye glanstida til klubben. Han var heilt ulik andre spelarar - han kunne òg drikka ein skvett ved høve, men hadde langt meir interessante interesser. Han kunne både lesa og skriva, og var så vidt i gang med å studera moderne språk på eit universitet då han vart profesjonell fotballspelar. Han snakkar visstnok både tysk, fransk og spansk rimeleg flytande, sjølv om aldri har budd i dei landa.

Etter at han la opp har han dels arbeidd som fjernsynskommentator, dels om spaltist i Daily Telegraph. Her har han heile tida skrive spaltene sine sjølv, og det er òg uvant for fotballspelarar. Av desse grunnane - annleis, interesse for bøker, i stand til å skriva - tenkte eg at dette var bryet verdt.

Boka er ikkje utan verdi, av og til engasjerer ho stort. Men stort sett er boka slik Smith var sett på som spelar - litt for forsiktig, litt fantasilaus, og utan vilje til å ta altfor store sjansar. Han skriv greitt nok, men det er ikkje noko sprut over språket hans. Han har sikkert ein sans for humor, men det er ikkje mykje å le av - minst to gonger skriv han noko slikt som "but seriously", og det demrar for meg at avsnittet eg nett las var meint som ein vits.

Smith skåra to særs viktige mål for Arsenal - eitt på Anfield i mai 1989, og eitt i Cupvinnarcupfinala i København i 1994. Det er tydeleg at desse måla var viktige for han, og han skriv engasjert og levande om desse kampane. Det er òg positivt at han ikkje ramsar opp alt han har gjort, men konsentrerer seg om den eller dei viktigaste hendingane frå kvar sesong. Han skriv òg om korleis han vart mindre viktig etter at Arsenal kjøpte Ian Wright. Då skulle alt handla om Wright, og Smith fann ikkje si eiga rolle i laget. I ettertid såg han at han burde ha teke dette opp med Wright, og at dei saman burde funne ut korleis dei kunne gjera kvarandre betre. Han ikkje gjorde det, av di han var altfor forsiktig, og slik kjennest altså heile boka.

Guffen er lunken.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

22. september 2018

Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone. New Light on an Old Riddle (1968)

Eg repeterer litt igjen: I 1898 fann svensk-amerikanaren Olof Öhman ein stein med runeinnskrift då han rydda nytt land på farmen sin nær Kensington i Minnesota. Innskrifta vart avvist som falsk. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen i 1907, og fram til han døydde i 1960-åra arbeidde han for å få folk til å tru på det innskrifta fortalde. Han skreiv mange artiklar om steinen, og gav ut ei bok i 1932. Han fekk svar, så hatten passa og vel så det, då professor Erik Wahlgren gav ut ei bok i 1958. Holand stod på sitt i ei bok som kom i 1962.

I 1968 gav Theodore Blegen ut denne boka. Blegen døydde året etter, 78 år gamal, og hadde arbeidd med det norske Amerika heile yrkeslivet. Blegen var professor i historie, og var involvert i Norwegian-American Historical Association, der han i 1925 vart den fyrste redaktøren, og i Minnesota Historical Society.

Til liks med Wahlgren slaktar også Blegen bøkene til Holand. Han gjer det på ein langt lunare måte, men viser i eit stillferdig språk at Holand ikkje har reint mjøl i posen. Holand motseier seg sjølv så mange gonger, og legg ikkje fram fakta som kan rokka ved korthuset hans. Blegen er langt meir profesjonell, han dokumenterer heile tida det han skriv om. Holand skriv at Öhman var ein heilt vanleg gardbrukar; Blegen viser at han las mykje, og hadde store kunnskapar. Holand skriv at ingen i Minnesota kunne lesa runer; Blegen viser at dei fyrste månadene etter at innskrifta vart gjort kjent i ei amerikansk avis kom det tre så godt som korrekte tolkingar av innskrifta, frå utvandra skandinavar som var heilt vanlege farmarar. Blegen bruker eit heilt kapittel på å plukka skrivinga til Holand frå kvarandre. Han går langt i å seia at Öhman var med på å laga innskrifta, truleg saman med Sven Fogelblad, ein prest/lærar som hadde mykje med Öhman å gjera.

Blegen oppsummerer det heile greitt: "It matters little what one individual's opinion is on the question of authenticity. What matters is the sum total of historical, runological, and archeological evidence. The total on the runological and historical side is, in my judgment, conclusive. The inscription is a fake. The evidence points to a hoax, with Olof Öhman as the principal originator".

Det har kome fleire bøker om steinen etter denne. Nokre er kuriøse, andre gjev seg ut for å vera meir seriøse. Det har likevel ikkje kome fram noko som gjer at fagfolk seier seg usamde med Blegen. Tvert imot - Blegen sluttar boka med å fortelja om nokre opptak han har høyrt om, men ikkje høyrt. Dei opptaka er i dag tilgjengelege, og der fortel son til John Gran, ein av naboane til Öhman, at faren fortalde at han og Öhman hadde hogd inn innskrifta. Det stemmer bra med at innskrifta er laga av to hoggarar - ein høgrehendt og ein venstrehendt.

Steinen er i dag stilt ut i eit museum i Kensington, og ved ein av vegane inn til den småbyen står det ein modell av steinen. I hovudgata i byen står det ei vikingstatue, med eit skjold der Kensington vert omtala som "Birthplace of America". Den korte teksten seier i grunnen alt om kvifor steinen var viktig for Holand, og kvifor han framleis er viktig for mange norsk-amerikanarar. Steinen fortel dei at dei var der fyrst.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

21. september 2018

Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)

Citizen Kane igjen. For ikkje lenge sidan las eg det lange Kane-essayet til Pauline Kael. Den store kampsaka hennar i det essayet var å få fram at Herman Mankiewicz var den som gjorde mest med manus til filmen, trass i at Orson Welles står som medforfattar. Kael meinte nærmast at Welles, som regisserte filmen, og som òg hadde hovudrolla, insisterte på å gjera seg sjølv også til forfattar. I ein kritikk av det essayet vart denne boka dregen fram, og vips etc.

Carringer går grundig og etterprøvbart gjennom heile skapinga av filmen. Han viser greitt at det mest rettferdige er at Welles og Mankiewicz deler på æra for manuset, han viser altså at Kael tek feil. Men han gjer mykje, mykje meir. Det er ikkje noko tjukk bok, men han er innom alt det viktigaste i filmen. Lyd. Filming. Redigering. Filmtriks. Og han skriv godt om kvifor Welles aldri nådde desse høgdene som regissør seinare. Carringer meiner at den viktigaste grunnen er at dette var einaste gongen Welles hadde så mange gode samarbeidspartar. Han meiner ikkje at det var dei andre som gjorde filmen god. Han er ikkje i tvil om at Welles var den viktigaste, men med så mange gode krefter rundt seg vart resultatet det det vart: Ein av dei aller, aller beste filmane som er laga.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
The other Side of the Wind (2018)
Mank (2020)

20. september 2018

The Man Who Knew Too much (1956)

Det er ikkje den beste Hitchcock-filmen eg har sett, men når han får med seg James Stewart er det jo automatisk ein film det er verd å sjå.

Stewart spelar ein dokter som ferierer i Marokko, saman med kona Jo og sonen Hank. Hank vert kidnappa, om lag samstundes som ein mann dei møtte dagen før vart drepen framfor augene deira. Før han døyr kviskrar han at nokon skal drepast, og at dei bør finna Ambrose Chapel i London. Dei dreg dit, og skjønar at ein ambassadør skal drepast under ein konsert i Royal Albert Hall. Saman greier dei å unngå at han vert drepen, og under ein fest i ambassaden same kveld avslører dei kven som prøvde å drepa han, før dei finn Hank i andre etasje.

Filmen er ei ny-innspeling av ein film Hitchcock laga tjue år tidlegare. Svært originalt er ikkje dette, den einaste scena som minner om dei store Hitchcock-filmane er konserten i Royal Albert Hall. Me veit at noko skal skje ved eit visst punkt i konserten, men veit ikkje når det kjem. Me ser dei tre aktørane - ambassadøren, den potensielle mordaren, og Jo - men veit altså ikkje når noko skjer, og korleis det vil gå.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

17. september 2018

The Radical Story of Patty Hearst (2018)

William Randolph Hearst var ein av dei rikaste i heile Amerika. Livet hans var inspirasjon for filmen Citizen Kane. Patty Hearst var barnebarnet hans, og ho vart i 1974 kidnappa av den valdelege og radikale gruppa SLA, Symbionese Liberation Army. Det var ei kidnapping som dominerte amerikansk media, og dramaet vart ikkje mindre etter at det vart kjent at Hearst hadde skifta side, og gått over til SLA. Ho var med på bankran, ho var med på fleire biltjuveri (og liknande), ho laga bilbomber, og ho fyrte laus med eit automatvåpen på ei gate i Los Angeles, for å hjelpa ein annan i SLA.

Ho hadde mange sjansar til å rømma, men vart verande i gruppa heilt til dei vart tekne av politiet. Etter ei kort tid i fengsel skifta ho side att, og påstod at ho var tvinga til å vera med, at ho hadde vorte valdteken, og at ho måtte vera hjernevaska.

Det er dette denne serien handlar om. Det er ein fin serie, der det kan løna seg å vera kritisk til mykje av det som vert sagt. Mange av dei involverte vert intervjua, og spesielt William Harris, ein av leiarane i SLA, seier mykje rart. Han var ikkje med på det verste, han gjorde det han kunne for å opptre høvisk, og så bortetter. Han er òg ekstremt oppteken av at grunnen til at Hearst gjekk relativt fort fri etter at ho vart arrestert var at familien hennar trekte i ein del trådar, men akkurat der ser det ut til at han hadde rett.

Serien er godt laga, men fin veksling mellom nye intervju, gamle nyheitsinnslag og filmar, og dramatiserte hendingar frå 1974 og frametter.

Guffen tilrår.