10. november 2026

Mark Blake: Pink Floyd. Shine On. The Definitive Oral History (2025)

Pink Floyd var lenge eitt av dei største banda i verda. Dark Side of the Moon frå 1973 er eitt av desse albuma (nesten) alle kjenner, men dei var alt store frå midten av 1960-åra. 

Eg har ikkje noko nært forhold til dei. Eg kjenner plata eg nemnde over, men set ho ikkje spesielt høgt. Eg likar debutplata deira langt betre, The Piper at the Gates of Dawn frå 1967 er langt meir sjarmerande. Då var Syd Barrett drivkrafta i bandet, men det varte ikkje lenge. Han slutta i bandet, grunna ei blanding av mentale problem og litt for mykje dop. Bassisten Roger Waters vart gradvis leiaren i gruppa, før han trekte seg ut midt i 1980-åra. Då var alt keyboardisten Rick Wright ute av gruppa; han vart sparka i 1979 av di han ikkje bidrog meir. Han var likevel med på turné dei neste åra, som innleigd musikar, og han var den einaste i bandet som tente pengar på turneen etter The Wall. I dag er trommeslagaren Nick Mason og gitaristen David Gilmour dei einaste medlemmene i bandet.

Undervegs i lesinga høyrde eg litt på platene deira, og det er ofte rimeleg slitsamt. Boka er derimot finfin. Boka er i all hovudsak sett saman av sitat, og Blake har intervjua alle som burde intervjuast. Det er trist å lesa om korleis det gjekk med Barrett, men langt meir underhaldande å lesa om korleis dei andre, spesielt Gilmour og Waters, kranglar og kranglar og slengjer drit om kvarandre. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar