9. november 2026

Knut Hamsun: Siesta (1897)

Frå 1895 prøvde Knut Hamsun seg som dramatikar. Dei neste åtte åra publiserte han fem skodespel, og i den same perioden gav han ut ein roman og to novellesamlingar. Dette er den fyrste av novellesamlingane, og tittelen hintar om kva det er: Det spanske ordet siesta viser til ein middagskvil, ein pause midt på dagen, og at Hamsun brukte denne tittelen viser at han ikkje såg på dette som eit hovudverk.

Det er det då heller ikkje. Her har han samla noveller skrivne til aviser og tidsskrift. Nokre er lange, nokre er korte. Dei sprikar i tema, og me kjenner igjen nokre av personane: Dei minner om denne litt mystiske, sjarmerande og kunnskapsrike unge mannen Hamsun ofte skreiv om. 

Det er ei ujamn samling. Nokre, som opningsnovella "Dronningen av Saba", fenga meg over snittet, medan andre vart fort gløymde.

Guffen er lunken.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Sult (1890)
Mysterier (1892)
Redaktør Lynge (1893)
Ny jord (1893)
Pan (1894)
Victoria (1898)
Telegrafisten
(film, 1993)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar