17. mai 2020

Deadwood, sesong 2 (2005)

I dag er Deadwood ein by i Sør-Dakota. Serien er laust basert på verkelege hendingar, og i denne sesongen handlar det dels om kva stat eller territorie byen skulle verta ein del av. Det vert ikkje konkludert, men då sesongen sluttar er det like før det vert avgjort.

Som i den fyrste sesongen er her ei mengd ulike delhistorier. I fyrste halvdel av sesongen har bareigaren Swearengen så store helseproblem at det står om livet. George Hearst (som i røynda var far til han som inspirerte Citizen Kane) sender ein kar til byen for å kjøpa opp så mange gull-teigar som råd. Det er ein evig kamp mellom dei ulike horehusa. Kona til Seth Bullock, som er sheriff, flyttar til byen, saman med sonen ho har frå eit tidlegare ekteskap (med bror til Seth), og dei byggjer seg eit hus like utanfor sentrum. Alma Garret, som er gravid etter eit forhold ho har hatt med Bullock, giftar seg med Whitney Ellsworth, som har hatt ansvar for det store gullfunnet ho eig.

Byen er heile tida full av folk. Alle som driv business går med overskot, anten det er avis, butikk, saloon, horehus eller noko anna. Det er ikkje alt i serien som fengar like godt, den siste setninga i avsnittet over fortel om noko som kunne vore henta frå ein såpeserie, men her er òg mykje som er bra. Det verkar som ei rimeleg truverdig framstilling av korleis livet i byar som Deadwood kan ha vore, og kulissar og slikt verkar òg rimeleg gjennomarbeidd.

Guffen tilrår.

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 3 (2006)
Deadwood. The Movie (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar