Viser innlegg med etiketten Deadwood. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Deadwood. Vis alle innlegg

28. desember 2020

Deadwood. The Movie (2019)

 

Det var heilt greitt å sjå dette igjen, men likevel: Eg sat med ei kjensle av at a) dei ville få på plass dei lause trådane etter den tredje (og siste) seongen, og b) dei ville samla alle saman ein gong til. Det er ikkje mykje utvikling å spora, anna enn at aldre er eldre. 

Den siste sesongen vart laga i 2006, så me har hoppa litt fram i tid også i historien. Det har gått ti år sidan sist. Mykje er likt, mykje har endra seg. Nokre har fått ungar, andre får det i løpet av filmen. Filmen opnar med at byen feirar at South Dakota er teken opp som stat i USA, og på programmet står mellom anna ei helsing frå George Hearst, som no er vorten senator i California. Han er like roten som før, og prøver det han kan for å kjøpa land hjå George Utter, ein av dei mest sympatiske personane i Deadwood. Han nektar, han vert drepen, og sjølv om Hearst gjer det han kan for å skjula skulda si, vert han fengsla mot slutten. 

Så det ver ein happy ending. Det er eit godt samhald i byen, og også sheriff Seth Bullock, den lysande stjerna frå tidlegare, skjønar at ein må tøya reglane litt for å verta kvitt Hearst.

Men det vert likevel aldri noko anna enn heilt greitt. Det var meir fart i dette enn i den tredje sesongen, truleg av di det i ein film ikkje er rom for å springa alt for langt vekk frå hovudplotet.

Guffen er lunken.  

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 2 (2005)
Sesong 3 (2006)

7. november 2020

Deadwood, sesong 3 (2006)

 

Handlinga er framleis basert på historiske hendingar. Ved byen Deadwood, i det som etter kvart vart South Dakota, er det enorme mengder gull i åsane rundt. Det har drege mange til byen. Nokre kjem for å grava gull, nokre kjem for å selja alkohol, nokre kjem for å selja kroppen sin.

I sesong 2 kom George Hearst til byen, og han har ei nøkkelrolle i denne sesongen. Han vil ta makta i byen, han vil sikra seg dei gruvene som gjev størst inntekt. Han spelar etter eigne reglar, og har sterke allierte. Gjennom heile sesongen er denne maktkampen den raude tråden, og det byggjer seg opp mot eit enormt klimaks. Hearst får inn mange revolvermenn, medan historiske heltar som Wyatt og Morgan Earp dukkar opp, truleg klare for å kjempa mot Hearst.

Men klimakset kjem aldri. Det heile fislar vekk i ingenting. Earp-brørne forsvinn ut av serien omtrent før dei er komne inn. Sesongen sluttar med at ingenting er avklart, anna enn at Hearst reiser frå byen. Kanskje tanken var at alt skulle halda fram i ein fjerde sesong, men den kom aldri. I staden kom det ein eigen film, der handlinga er lagt til ti år seinare.

Guffen er lunken. 

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 2 (2005)
Deadwood. The Movie (2019)

17. mai 2020

Deadwood, sesong 2 (2005)

I dag er Deadwood ein by i Sør-Dakota. Serien er laust basert på verkelege hendingar, og i denne sesongen handlar det dels om kva stat eller territorie byen skulle verta ein del av. Det vert ikkje konkludert, men då sesongen sluttar er det like før det vert avgjort.

Som i den fyrste sesongen er her ei mengd ulike delhistorier. I fyrste halvdel av sesongen har bareigaren Swearengen så store helseproblem at det står om livet. George Hearst (som i røynda var far til han som inspirerte Citizen Kane) sender ein kar til byen for å kjøpa opp så mange gull-teigar som råd. Det er ein evig kamp mellom dei ulike horehusa. Kona til Seth Bullock, som er sheriff, flyttar til byen, saman med sonen ho har frå eit tidlegare ekteskap (med bror til Seth), og dei byggjer seg eit hus like utanfor sentrum. Alma Garret, som er gravid etter eit forhold ho har hatt med Bullock, giftar seg med Whitney Ellsworth, som har hatt ansvar for det store gullfunnet ho eig.

Byen er heile tida full av folk. Alle som driv business går med overskot, anten det er avis, butikk, saloon, horehus eller noko anna. Det er ikkje alt i serien som fengar like godt, den siste setninga i avsnittet over fortel om noko som kunne vore henta frå ein såpeserie, men her er òg mykje som er bra. Det verkar som ei rimeleg truverdig framstilling av korleis livet i byar som Deadwood kan ha vore, og kulissar og slikt verkar òg rimeleg gjennomarbeidd.

Guffen tilrår.

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2004)
Sesong 3 (2006)
Deadwood. The Movie (2019)

16. januar 2020

Deadwood, sesong 1 (2004)

Ja, nei, det er jo alltid greitt med litt western-greier. Denne serien har det meste av det western-greier plar ha, med unntak av indianarar. Her er drikking, skyting, damer, sheriffar, sterke menn som passar på kvinner, osb. Men her er òg sterke kvinner, og i all lovløysa er det òg nokre som oppfører seg fint.

Serien er laust basert på verkelege hendingar. Byen Deadwood vaks fram i 1876, og sidan byen ikkje låg i nokon stat var staden i praksis lovlaus. I serien, som i røynda, var bar- og horehuseigaren Al Swearengen den som bestemte mest. Han vert framifrå framstilt her, han er stort sett forbanna på alt og alle, og spesielt mot dei han kan hersa med. Han ser likevel verdien av å halda seg på god fot med andre sterke menn, og motstykket hans er Seth Bullock. Bullock var marshall, men flytta til Deadwood for å prøva lukka der, saman med venen Sol Star. Bullock og Swearengen har respekt for kvarandre, men kranglar av og til så det suser.

Ein av grunnane til at Swearengen har respekt for Bullock er at han veit at Bullock er svært dyktig med skytevåpen. Han var på lag med Wild Bill Hickock, fram til Hickock vert drepen av ein alkoholisert pusling.

Der er mange andre konfliktliner i serien, og Swearengen er involvert i dei fleste. Han kranglar med horene sine, han er ikkje godt likt av alle som arbeider for han, han kranglar med han som opnar bar/horehus tvers over vegen, han kranglar med dei som kjem frå nabobyen, og så bortetter. Det er ein fin serie med god framdrift, og alt ligg til rette for at kranglinga held fram i neste sesong.

Guffen tilrår.

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2005)
Sesong 3 (2006)
Deadwood. The Movie (2019)