21. desember 2019

Arno Vigmostad: Forleggerliv (2019)

For tre år sidan gav Arno Vigmostad ut boka Gründerår, der han på fint vis fortel om korleis han saman med Arnstein Bjørke prøvde seg fram i den norske forlagsverda. Det gjekk betre og betre, og i dag er Vigmostad Bjørke det fjerde største forlagshuset i Noreg. Denne boka held fram der den førre slutta, og sjølv om her også her er mykje bra, er der ting som kunne vore betre.

Kanskje Vigmostad er klar over stort forlaget hans er, kanskje tek han det for gitt at dei som les denne også har lese Gründerår, men han burde kosta på seg nokre forklarande avsnitt fremst i boka. Han går rett inn i eitt av dei mange oppkjøpa til forlaget, utan å seia noko om kva forlag han sjølv representerer. Bjørke vert berre omtala med førenamn, og litt seinare i boka vert òg kona berre presentert med førenamn. Me som har lese den fyrste boka skjønar koplingane med ein gong, me skjønar òg at kona er polsk, men nye lesarar må setja saman det puslespelet sjølv.

Dei to, altså Vigmostad og Bjørke, har framleis mykje å læra når dei møter andre forlagshus, og det er kanskje det som er den største styrken deira: Ein vilje og ei evne til å ta til seg kunnskap, og å forstå korleis dei kan bruka denne kunnskapen. Det handlar mykje om møte med andre i bokbransjen i denne boka, og det er ikkje alltid like spanande. Boka vert langt betre når Vigmostad fortel om to menn som var viktige for han: Norsklæraren som oppmoda han om å lesa og skriva, ei rolle han hadde lenge etter at Vigmostad var ferdig med skulen. Og då far hans ligg på det siste endrar òg tonen i boka seg, og vert varmare og meir interessant. Så er her òg nokre lystige skildringar frå middagar og festar. For meg er ikkje dei historiene så artige, då er det lettare å dra på smilen når Vigmostad lærer dottera opp til at det kan vera pengar å tena på å samla flakser. Han går føre med eit godt eksempel, og går med lommene og genseren full av tomflasker då han litt uventa møter ein forleggar frå eit anna forlagshus.

Guffen tilrår.

Meir Vigmostad på kulturguffebloggen
Gründerår (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar