25. februar 2018

Jostein Fet: Stemmer frå ei fjern tid (2014)

Jostein Fet. For ein mann. Han er ein av dei som verkeleg har endra forståinga vår av bondekulturen dei siste hundreåra fram mot 1850 eller 1900. Med storverka Lesande bønder og Skrivande bønder, som begge kom rundt tusenårsskiftet, viste han at bønder både las og skreiv langt meir enn det som var den vanlege oppfatninga. Han har ein suveren kunnskap om dette emnet, og har òg skrive ei bok om alt som vart trykt ved trykkeriet på Ekset i Volda.

Denne boka kom ut det året Fet fylte nitti år. Nokre av artiklane i boka har vore trykte før, medan andre ser ut til å vera nyskrivne, eller i alle fall utrykte. Det er jamt over fascinerande lesnad heile vegen. Han skriv om fleire hundre år gamle bøker som i dag er eller har vore i privat eige, og ved hjelp av innskrifter i bøkene fortel han heile historia deira. Han skriv om visetrykk, og får igjen fram at det var ei stor vilje til dikting hjå ålmugen. Han skriv om dagbøker, han skriv om teikn som er skore inn i husveggar.

Det er stas, i alle fall for ein som er så pass glad i bøker som eg er, å fylgja Fet gjennom desse artiklane. Det er òg lett å sjå at Fet sjølv har likt dette, fleire av artiklane er så velskrivne og flytande at lesinga nesten går av seg sjølv.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar