10. februar 2018

Rolling Stone - Stories from the Edge (2017)

Eg har aldri vore nokon ivrig lesar av det amerikanske bladet Rolling Stone. Eg bladde ofte gjennom det når eg var innom lesesalen på biblioteket i Bergen, og nokre gonger dukka det sjølvsagt opp grundige og gode intervju med spanande folk. Det var vanlegare at dei skreiv om artistar eg såg (og ser) som keisame, eller om politikk eller samfunn i artiklar som berre interesserte meg sånn måteleg. Det var mainstream og vel så det.

Bladet fylte 50 år i fjor, og fekk laga denne miniserien. At det er bladet sjølv som står bak bør få det til å kima kraftig i klokkene. Kva tek dei med, kva kuttar dei ut? Det er ikkje ukritisk, men det er ofte mangelfullt. I serien vert det fortalt om ein artikkel der dei intervjua ein kvinneleg student som fortalde om ein gruppe-valdtekt på campus. Dette var rein bløff, viste det seg, og i serien snakkar fleire om korleis det fekk redaksjonen til å skjerpa arbeidsmåtane sine. Dei snakkar ikkje om at det kosta bladet millionar, og at bladet òg fekk ei uvanleg djup ripe i lakken sin.

Serien konsentrerer seg om relativt få hendingar, og fortel inngåande om desse. Mange av dei friskaste journalistane deira vert òg grundig presenterte. Fleire av desse fortel at dei måtte overtala utgjevar og redaktør om at dette var viktig stoff, og slik kom bladet til å skriva om punk og rap. Og om grunge, for så vidt. Dette viser at bladet var ope for musikk litt utanfor mainstreamen, men det viser òg at det tidvis måtte ein del overtaling til. Av og til svingar det svært av serien, alle scenene med Hunter Thompson er til dømes glimrande, men her er òg altfor mykje daudtid.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar