26. juli 2024

Thurston Moore: Sonic Life (2023)

Dei siste åra har eg lese ein biografi om Sonic Youth og sjølvbiografien til Kim Gordon. Ho var bassist/gitarist/vokalist i Sonic Youth, og var sambuar/gift med Moore i rundt tretti år. I 2011 fann han seg ei anna, og boka hennar var prega av akkurat det. Moore gav ut denne boka i fjor, og det vart freistande å lesa denne òg, for å sjå korleis han fortel den same historia.

Han fell ikkje for freistinga: Boka er ikkje noko direkte svar til det Gordon skriv om. Eva Printz dukkar ikkje opp før den femte siste sida. Fram til dess har Moore skrive både varmt og godt om Gordon. Det kan sjølvsagt vera at han dekkjer til og berre fortel litt av det som skjedde, men eg synest det er gjort med respekt.

Men dette var ikkje den viktigaste grunnen til at eg kjøpte boka. Ho har fått fine meldingar, og dei er fullt fortente. Han gjer seg fort ferdig med barndommen, men skildringane frå ungdommen er fabelaktige. Saman med venen Harold køyrer Moore fleire gonger i veka til New York for å gå på konsert. Dette er midt i 1970-åra, slik at han får med seg framveksten av NY-punken. Han skriv godt om band han ser, både då og seinare. Etter ein konsert han har vore på skriv at han han "would try to describe the experience to my friends and family, but, like so mange epiphanies with music and art, words could only fall short". Ja, det kan vera vanskeleg å skildra store kunstopplevingar, men gong etter gong vart eg imponert over korleis Moore skreiv om band han hadde sett. 

Det er ei finfin bok. Det verkar som om det heile tida er musikken som er det viktige for han. Han skriv om band han er på turné med, både amerikanske og andre, og får fram kvifor musikken deira var bra. Det er såleis ein enormt kontrast til sjølvbiografien til Slash, som eg las for litt sidan - han var langt meir oppteken av å skriva om damer og dop.

Guffen tilrår.

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2003)
Kim Gordon: Girl in a Band (2015)

25. juli 2024

Motstandshelter fra Trondheim (2024)

Ein stad midt i denne serien slo det meg at svært mykje av motstandshistoria frå krigen handlar om Oslo. Alle veit kven Kjakan var; motstandsfolket i Trondheim er langt mindre kjende. Der er det heller slik at alle veit kven Rinnan var. Så denne serien fortener ros for å dra fram mindre kjende sider ved krigen.

Men det er òg mykje han ikkje fortener ros for. Det vert dårleg fortalt - i dei fem episodane følgjer me altfor mange personar. Dette vart mest tydeleg i den siste og oppsummerande episoden, der me var usikre på kven dei ulike personane var. Me kjende att namna, men hugsa ikkje kva dei hadde gjort. Det er òg ei merkeleg dårleg redigering, fleire gonger kjem det filmklipp som er så korte at me knapt nok registrerer kva som skjer. Det vert vist fram mange fotografi, og her manglar det altfor ofte namn på dei me ser. Serien vert vist på NRK; hadde dei vore djupare inn i produksjonen ville nok mykje av dette vore gjort betre.

Men her er òg ting som er bra, sjølvsagt. Dei bruker mykje arkivklipp, både frå krigen (og før) og frå andre halvdel av 1900-talet. Mange av krigsheltane snakka ikkje om dette før seinare i livet, slik at det vert intervju med godt vaksne menn som fortel om innsatsen sin. Nokre av desse vart heidra rett etter krigen, andre måtte venta lenge før dei fekk honnør.

Guffen er lunken. 

23. juli 2024

Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Dette var den siste prosaboka Tarjei Vesaas gav ut. Boka vert gjerne omtala som sterkt sjølvbiografisk, men det er ikkje nokon tradisjonell sjølvbiografi. Nokre av kapitla er lette å forstå, også som sjølvbiografi, andre er langt vanskelegare. I eit par av dei er det ikkje lett å skjøna kva Vesaas vil seia, men det er heilt greitt: Han skriv poetisk og godt, som alltid.

Dei to portretta av foreldra hans er av dei betre kapitla i boka. Opninga, "Slik det står i minnet", er aldeles fabelaktig. Far og son er i tømmerskog. Sonen gjer jobben sin, men tanken er ein heilt annan stad. Brått ser han at òg faren står og ser inn i det uendelege, og dette er ei ny side ved faren. Så trør hesten seg, og såret må reinsast med mannepiss. Faren greier det ikkje, og ikkje sonen heller. Det handlar om at odelsguten vil verta diktar, ikkje bonde. Portrettet av mora er òg strålande, og handlar om ei kvinne som har kontroll over gardsdrifta.

Aller, aller best er den korte teksten "Berre det å gå opp og hente spannet". Det handlar om å høyra til, og det handlar om å sjå det store i det små. Ein aldeles makelaus tekst.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

18. juli 2024

Erlend Loe: Helvete (2019)

Det er vel ikkje Loe heilt i toppform, dette. Historia er for så vidt original og god, men det sprudlar ikkje heilt som i andre bøker. 

Rakel er rundt femti år. Sambuaren hennar har nett funne seg ei anna, og Rakel har det ikkje så bra. Men det er alltid nokon som har det verre - ho kjem tilfeldigvis over ei luke i hagen. Ho opnar luka, og går ned trappene heilt til Helvete. Ho kjøper klippekort i resepsjonen, og vert ein fast gjest. Etter kvart møter ho Satan, dei vert kjærastar, og dei greier knapt å vera frå kvarandre. Ho får nokre oppgåver medan ho er der, men likar dårleg å plaga andre. Det fører til eit kort brot mellom dei to, men det ordnar seg til slutt.

I dei andre bøkene eg har lese av Loe har det vore meir å humra av enn her. Det er ingenting gale med det, bøker kan sjølvsagt gjerne vera alvorlege og alt det der, men det vert noko som manglar. Det kjem mange uttrykk der satan eller djevel eller helvete er med, men det vert nok av det òg. 

Boka er illustrert av Kim Hiorthøy. 

Guffen er lunken. 

Meir Loe på kulturguffebloggen
Fvonk (2011)

16. juli 2024

Slash og Anthony Bozza: Slash (2007)

Eg var innom på Fretex i Bodø, på leit etter lesestoff for resten av ferien. Denne stod lagleg til. Slash var gitarist i Guns N' Roses, eit metallband som ikkje var altfor interessant. Dei verka litt for opptekne av å leva opp til metallklisjeane, mest i livsstil og image, men òg litt i musikken. I tillegg hadde vokalisten Axl Rose ei rimeleg irriterande songrøyst, og han skreiv òg nokre tekstar som var langt, langt utanfor det som er greitt. Men likevel: Eg les mange bøker om musikantar, også dei eg ikkje høyrer mykje på.

Og boka er vel grei nok. Det handlar om sex, drugs og rock'n'roll, og tidvis er det uklart kva som er viktigast for han. Han vassar i damer, han bruker altfor mykje dop (inkludert at han drikk altfor mykje), og musikken er der jo heile tida. Han skriv varmt om dei fyrste åra i bandet, men gradvis går han over til å kritisera Rose. Her er det nok viktig å hugsa at dette er ein sjølvbiografi, det kan godt vera at Rose opplevde dette annleis, men for Slash er det ikkje tvil om at det var Rose som har skulda for at bandet gjekk relativt raskt i oppløysing. Dette er rett nok ei vanleg oppfatning. Der var fleire i bandet, men det var dei to som vart sett på som dei to viktigaste.

Guffen tilrår. 

13. juli 2024

Vidar Sundstøl: Dag fra natt (2024)

Ein uvanleg fin roman, dette. Det er den andre boka av Sundstøl eg har lese det siste halve året, og han siglar opp som ein favoritt. Det er innsiktsfullt, det er poetisk og vakkert, og det er ei bok som festar seg.

Hovudpersonen, ein godt vaksen mann utan namn, vitjar huset til mora, som nyleg er død. Han har ikkje vore der på mange, mange år, av di den store tragedien i livet hans skjedde her: Han var der saman med den to år gamle sonen Olav, og faren var ikkje merksam nok då Olav sat i barnestolen sin. Han greidde å velta stolen og døydde av skadane han fekk i hovudet. Det førte faren inn i ei årelang natt av sorg, der forholdet til mor til guten rauk. Han skreiv tre bøker i den perioden, men kan ikkje hugsa mykje frå dei.

Mora var biletvevar, og på loftet i huset hennar finn han ein stor biletvev ingen visste at ho hadde laga. Det handlar om middelalderballaden Draumkvedet, ei forteljing om Olav Åsteson. Mannen ser at mora har bakt inn forteljinga om barnebarnet sitt i teppet. 

Boka er bygd opp av mange korte kapittel, og me hoppar att og fram i tid. Det gjennomgåande temaet er sorg og korleis me taklar det, men det handlar òg om kva me kan vita om andre personar. Mannen hadde lite kontakt med mor si; etter at ho er død får han høyra frå systera at mora tok dette tungt, og at ho gjerne ville ha diskutert bøkene mannen skreiv med han.

Guffen tilrår. 

Meir Sundstøl på kulturguffebloggen
Kommandolinjer (2005)
Nattsang (2023)

12. juli 2024

Morten Haugdahl: UFFA. 1981-2006 (2006)

I 80-åra, då eg leikte at eg var litt punk, var Trondheim den mest spanande punkebyen i Noreg. Det var der dei beste banda var, det var der den beste fanzina kom ut, og sjølv om det absolutt var alvor i det dei dreiv med, var det òg gjort med mykje humor. Eg var innom UFFA-huset fleire gonger i dei åra, og hadde ørlite kontakt med nokre av dei eg opplevde som sentrale.

Denne boka fortel historia til UFFA-huset, og litt til. Det er prisverdig korleis Haugdahl dreg liner tilbake til tidlege 70-år, då dei fyrste motkulturane kom til byen. (Haugdahl skriv at han ikkje bruker ordet motkultur på den vanlege norske måten, som gjerne handlar om målsak og fråhaldssak og slike ting.) Etter at Trondheim oppdaga punken, som den fyrste norske byen, var der eit aktiv punkemiljø, og desse var sentrale då eit hus i Kjøpmannsgata vart okkupert i 1981. Okkupantane skipa UFFA, Ungdom for fri aktivitet, og då huset brann året etter tinga dei med kommunen om eit nytt hus. Dei fekk overta eit hus i Innherredsveien, og der heldt dei til fram til huset brann i 2010 (altså etter at denne boka kom ut).

Boka får godt fram korleis UFFA var aktive og viktige. På UFFA-huset hadde dei eit rikt tilbod, med konsertar, bokkafe og kafe. Dei var langt mindre valdelege enn miljøet rundt Blitz i Oslo, og hadde difor eit betre forhold til politi og lokalpolitikarar. Det var litt nostalgisk å lesa denne boka, men mest av alt var det lærerikt. Boka er rikt illustrert - kanskje litt for illustrert, på nokre av oppslaga er det mange små bilete; her hadde det truleg vore betre med noko færre og større bilete.

Guffen tilrår.

11. juli 2024

Merethe Lindstrøm: Når vi synger (2023)

For ein fin roman. Her er mykje ubehag, men det er skrive i eit så fint og vakkert språk at songen vert mest fin og mindre vond. 

Forteljaren, Agnes, er kanskje sånn ti-tolv år gamal. Ho har ein tvillingbror, Kasper. Foreldra deira fekk eit tredje barn, som døydde kort tid etter fødselen. Dette spedbarnet er med som eit du i heile romanen - av og til vender Agnes seg direkte til det. Noko av ubehaget handlar om korleis Agnes og broren reagerte då dei fekk vita at barnet døydde - dei reagerte ikkje i det heile. Det som er meir ubehageleg er når Agnes og Kasper forstår kva sex er for noko.

Familien til Agnes er ikkje altfor harmonisk. Faren har sterke meiningar og er dominerande; mora er meir med på lasset. Det vert hinta om at ho har eit forhold til ein annan, men det vert ikkje sagt rett ut, og der ligg noko av styrken i romanen: Det heile er sett gjennom augene til ei ing jente som ikkje forstår alt som skjer. 

Rundt familien er det andre ungar, lærarar og lærarvikarar på skulen, ein gitarlærar, nokre rare naboar som driv revefarm, ein svensk brevven, og nokre til. Agnes likar seg ikkje heilt der ho er, og romanen sluttar med at ho prøver å koma seg vekk.

Det er altså ei fin bok. Lindstrøm skriv godt, me merkar med ein gong at dette er ein forfattar som veit kva ho vil, og veit korleis ho skal få fram det ho vil. 

Guffen tilrår.  

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)

10. juli 2024

Erika Fatland: Sovjetistan (2014)

Erika Fatland tek oss med til ein region dei fleste av oss veit svært lite om. Fem land som sluttar på -stan; alle fem var ein del av Sovjetunionen og vart eigne land i 1991. Alle dei fem delane er ei blanding av reiseskildring og historiebok, og jamt over er det interessant og opplysande.

Dei fem landa har sjølvsagt ting til felles, men der er òg ulikskapar. Dei mest underhaldande delane av kvar bolk handlar ofte om dei som styrer landa. Dei er eksentriske, dei har (stort sett) altfor mykje makt og altfor stort sjølvbilete. To av dei har skrive (eller skapt inntrykk av at dei har skrive) bøker om historia til landet, og dette er selektive greier. Og det er bøker med kort levetid - presidenten i Turkmenistan skreiv ei slik bok, og boka vart pensum overalt. Etter at han døydde gjekk boka ut av bruk, og Fatland finn ikkje eingong ein kopi på det lokale biblioteket.

Det er eit slags mindreverdskompleks over fleire av desse landa. Dei vil visa fram ein (innbilt) rikdom på ulikt vis, mellom anna ved å bruka dyrt byggjemateriale. Eller ved å byggja eit av dei største biblioteka i verda, der det einaste som manglar er bøker til å fylla hyllene. Ho vitjar òg fleire store og prangande museum, der ho er den einaste besøkande.

Det er ei god bok. Eg saknar likevel noko av det som hevar slike bøker endå meir - trass i døma over skulle eg gjerne tenkt meg at Fatland skreiv noko meir livfullt. Det er berre kjekt å ha ting å smila av.

Guffen tilrår.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Englebyen (2011)
Grensen (2017)

7. juli 2024

Maria Navarro Skaranger: Jeg plystrer i den mørke vinden (2023)

Eg prøver å lesa meldingar av nye bøker, sjølv om det vert færre av dei i avisene. Lenge var Dag og Tid ein god stad å plukka opp boktips, og slik er det kanskje framleis - eg gav opp den avisa for fem-seks år sidan. Eg les Klassekampen i helgene, og den viktigaste grunnen er at dei då har eit svært godt litteraturbilag. Den årlege oppsummeringa, der meldarane deira listar opp favorittbøker, er alltid interessant. Ved oppsummeringa i fjor var denne boka på mange av listene.

Det ser ut til å vera heilt fortent. Det er ei fin bok, som handlar om Sidsel, ei kvinne i sin beste alder. Livet har ikkje gått heilt på skinner for ho, der ho bur åleine og uføretrygda i ei blokk aust i Oslo. Ho har nokre få halvgode veninner, men slit med å halda god kontakt med dei, og slit òg med å oppføra seg dei gongene dei møtest. Dottera Em bur i nabolaget - ho bur òg åleine, og Sidsel passar av og til sonen hennar, Liam. Forholdet mellom mor og dotter er ikkje det varmaste, og det verkar som om slektskapen er den viktigaste grunnen til at dei har kontakt.

Det er ei trist bok, men ho er slettes ikkje utan varme. Skaranger får godt fram korleis Sidsel lever eit litt hjelpelaust liv, der ho driv åleine gjennom samfunnet. Boka er òg leiken, av og til dukkar det opp ein forteljar som kommenterer det som skjer. 

Guffen tilrår. litt

6. juli 2024

Torborg Nedreaas: Jeg skal ha revansje og andre noveller (2024)

Det er kjekt å oppdaga forfattarar eg burde ha oppdaga for lenge sidan. Alt eg har lese er romanen Av måneskinn gror det ingenting, men denne samlinga noveller gav meg absolutt lyst til å lesa meir. Det er solide noveller heile vegen.

Det er flest noveller frå debutsamlinga hennar, Bak skapet står øksen. Eit gjennomgåande trekk ved novellene herfrå, og for så vidt gjennom heile boka, er korleis kvinner har det, korleis kvinner vert handsama. I novellene frå den fyrste samlinga handlar det mykje om kvinner som av ulike grunnar gjekk med tyske soldatar under krigen. Nedreaas legg mykje av sympatien hjå desse kvinnene - for ho verkar det klart at det er mange grunnar til at dei handla som dei gjorde. Novellene er godt skrivne og godt komponerte, sjølv om ho av og til fortel oss meir enn me treng å vita.

Dei andre novellene i boka er òg sterke, og eg må altså lesa meir av Nedreaas. Boka har eit etterord av forfattar og kritikar Bernhard Ellefsen.

Guffen tilrår.

Meir Nedreaas på kulturguffebloggen
Av måneskinn gror det ingenting (1947)