Viser innlegg med etiketten Sonic Youth. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sonic Youth. Vis alle innlegg

26. juli 2024

Thurston Moore: Sonic Life (2023)

Dei siste åra har eg lese ein biografi om Sonic Youth og sjølvbiografien til Kim Gordon. Ho var bassist/gitarist/vokalist i Sonic Youth, og var sambuar/gift med Moore i rundt tretti år. I 2011 fann han seg ei anna, og boka hennar var prega av akkurat det. Moore gav ut denne boka i fjor, og det vart freistande å lesa denne òg, for å sjå korleis han fortel den same historia.

Han fell ikkje for freistinga: Boka er ikkje noko direkte svar til det Gordon skriv om. Eva Printz dukkar ikkje opp før den femte siste sida. Fram til dess har Moore skrive både varmt og godt om Gordon. Det kan sjølvsagt vera at han dekkjer til og berre fortel litt av det som skjedde, men eg synest det er gjort med respekt.

Men dette var ikkje den viktigaste grunnen til at eg kjøpte boka. Ho har fått fine meldingar, og dei er fullt fortente. Han gjer seg fort ferdig med barndommen, men skildringane frå ungdommen er fabelaktige. Saman med venen Harold køyrer Moore fleire gonger i veka til New York for å gå på konsert. Dette er midt i 1970-åra, slik at han får med seg framveksten av NY-punken. Han skriv godt om band han ser, både då og seinare. Etter ein konsert han har vore på skriv at han han "would try to describe the experience to my friends and family, but, like so mange epiphanies with music and art, words could only fall short". Ja, det kan vera vanskeleg å skildra store kunstopplevingar, men gong etter gong vart eg imponert over korleis Moore skreiv om band han hadde sett. 

Det er ei finfin bok. Det verkar som om det heile tida er musikken som er det viktige for han. Han skriv om band han er på turné med, både amerikanske og andre, og får fram kvifor musikken deira var bra. Det er såleis ein enormt kontrast til sjølvbiografien til Slash, som eg las for litt sidan - han var langt meir oppteken av å skriva om damer og dop.

Guffen tilrår.

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2003)
Kim Gordon: Girl in a Band (2015)

26. desember 2023

Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2007)

Sonic Youth er eit av mange band eg har høyrt for lite på. Dei var originale, viktige og gode, og var heile tida på leiting etter dei rette tonane. Sjølv om dei etter kvart gav ut plater på store selskap, vart dei sett på som eit undergrunnsband, eit band som stod for dei rette verdiane.

Det med undergrunnen fekk uventa stor plass her. Chick skriv mykje om andre band, og då er det ikkje berre snakk om å nemna dei i forbifarten. Viss Sonic Youth på ein turne hadde fire-fem oppvarmingsband, bruker gjerne Chick nokre sider på å presentera dei banda, og på å koma med korte biografiar om det. Det var litt rart, men samstundes fungerte det godt - ikkje minst for å få fram poenget med at Sonic Youth var viktige.

Eg kjenner ikkje historia til bandet i detalj, men etter det eg kan sjå går Chick grundig til verks. Han bruker både nye og gamle intervju, han bruker gamle artiklar, og det heile er rimeleg underhaldande. Sjølv om den gode stemninga i bandet fordufta nokre år seinare: Ekteparet Thurston Moore og Kim Gordon gjekk frå kvarandre, og i kjølvatnet av det brotet vart bandet oppløyst.

Guffen tilrår. 

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Kim Gordon: Girl in a Band (2015)
Thurston Moore: Sonic Life (2023)

4. juni 2015

Kim Gordon: Girl in a Band (2015)

Å ha eit kjærastepar i eit band er som ein dårleg idé. Tenk på Go-Betweens, tenk på Fleetwood Mac. (Dei siste ville eg rett nok ikkje kjent att musikken til, men eg las nett ein artikkel om dei i Mojo.) Tenk på Wings. Det store, lysande unntaket var Sonic Youth, der ekteparet Kim Gordon og Thurston Moore lagde kvalitetsmusikk (saman med to andre) i bortimot tretti år. Heilt til dei gjekk frå kvarandre i 2011.

Tilhøvet mellom dei to pregar heile boka. Gordon opnar med slutten, dei siste konsertane Sonic Youth gjorde saman, der dei to knapt nok snakka saman. Ho er bitter, kanskje til og med sint på Moore, og sjølv om òg seier mykje fint om han, ligg det heile tida noko og skurrar. Slik sett er tittelen på boka ørlite misvisande - javisst handlar det om å vera kvinne i eit band, men det handlar òg om å vera eit par i eit band.

Her er mykje bra å lesa, men det er òg mange daudpunkt. Ho vaks opp i California, og tida fram til ho flyttar til New York som tjueåring vert altfor omfattande skildra. Har eg sagt noko liknande før? Sikkert. Altfor mange biografar legg for mykje vekt på oppvekståra.

Guffen er lunken.

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2003)
Thurston Moore: Sonic Life (2023)