4. juni 2020

Torborg Nedreaas: Av måneskinn gror det ingenting (1947)

Denne romanen har to forteljarar. Den eigentlege eg-personen er ein mann, den andre er ei kvinne. Det er ho som fortel mest, men rammeforteljinga vert fortalt av han. Både i opninga og utgangen av boka fortel han at han har leitt etter kvinna i tretten dagar. I resten av boka, som altså utgjer den største delen av boka, fortel ho om livet sitt. Han har møtt ho på jernbanestasjonen ein kveld. Ho vert med han heim, og fram til det vert morgon drikk og røykjer dei, medan ho snakkar. På morgonkvisten sovnar han, og då han vaknar er ho vekk. Han veit ikkje kva ho heiter, men han vil treffa ho igjen.

Historia hennar gjer langt meir inntrykk. Ho fortel om menn ho har møtt, eller spesielt han eine - han eine som ho var vilt forelska i, og som han brukte og kasta. Igjen og igjen. Ho greidde ikkje gløyma han, sjølv om han vert både trulova og gift. Han slepper heller ikkje heilt taket, men for han ser det ut til å handla mest om sex. Ho innleier òg forhold til andre, ho vert gravid, og tek abort fleire gonger.

Den namnlause kvinna vert sterkare og sterkare utover i romanen. Ho har ein stor forteljar, ho har stor innsikt i andre og gradvis større innsikt i seg sjølv, og sjølv om ho har vore den svake parten i forholda sine har ho lært av dei. For meg er det omtrent dette romanen handlar om - kvinner må få styra over sine eigne liv. Ikkje berre når det gjeld abort, men overalt.

Guffen tilrår. 

1 kommentar: