10. juli 2024

Erika Fatland: Sovjetistan (2014)

Erika Fatland tek oss med til ein region dei fleste av oss veit svært lite om. Fem land som sluttar på -stan; alle fem var ein del av Sovjetunionen og vart eigne land i 1991. Alle dei fem delane er ei blanding av reiseskildring og historiebok, og jamt over er det interessant og opplysande.

Dei fem landa har sjølvsagt ting til felles, men der er òg ulikskapar. Dei mest underhaldande delane av kvar bolk handlar ofte om dei som styrer landa. Dei er eksentriske, dei har (stort sett) altfor mykje makt og altfor stort sjølvbilete. To av dei har skrive (eller skapt inntrykk av at dei har skrive) bøker om historia til landet, og dette er selektive greier. Og det er bøker med kort levetid - presidenten i Turkmenistan skreiv ei slik bok, og boka vart pensum overalt. Etter at han døydde gjekk boka ut av bruk, og Fatland finn ikkje eingong ein kopi på det lokale biblioteket.

Det er eit slags mindreverdskompleks over fleire av desse landa. Dei vil visa fram ein (innbilt) rikdom på ulikt vis, mellom anna ved å bruka dyrt byggjemateriale. Eller ved å byggja eit av dei største biblioteka i verda, der det einaste som manglar er bøker til å fylla hyllene. Ho vitjar òg fleire store og prangande museum, der ho er den einaste besøkande.

Det er ei god bok. Eg saknar likevel noko av det som hevar slike bøker endå meir - trass i døma over skulle eg gjerne tenkt meg at Fatland skreiv noko meir livfullt. Det er berre kjekt å ha ting å smila av.

Guffen tilrår.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Englebyen (2011)
Grensen (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar