12. juli 2024

Morten Haugdahl: UFFA. 1981-2006 (2006)

I 80-åra, då eg leikte at eg var litt punk, var Trondheim den mest spanande punkebyen i Noreg. Det var der dei beste banda var, det var der den beste fanzina kom ut, og sjølv om det absolutt var alvor i det dei dreiv med, var det òg gjort med mykje humor. Eg var innom UFFA-huset fleire gonger i dei åra, og hadde ørlite kontakt med nokre av dei eg opplevde som sentrale.

Denne boka fortel historia til UFFA-huset, og litt til. Det er prisverdig korleis Haugdahl dreg liner tilbake til tidlege 70-år, då dei fyrste motkulturane kom til byen. (Haugdahl skriv at han ikkje bruker ordet motkultur på den vanlege norske måten, som gjerne handlar om målsak og fråhaldssak og slike ting.) Etter at Trondheim oppdaga punken, som den fyrste norske byen, var der eit aktiv punkemiljø, og desse var sentrale då eit hus i Kjøpmannsgata vart okkupert i 1981. Okkupantane skipa UFFA, Ungdom for fri aktivitet, og då huset brann året etter tinga dei med kommunen om eit nytt hus. Dei fekk overta eit hus i Innherredsveien, og der heldt dei til fram til huset brann i 2010 (altså etter at denne boka kom ut).

Boka får godt fram korleis UFFA var aktive og viktige. På UFFA-huset hadde dei eit rikt tilbod, med konsertar, bokkafe og kafe. Dei var langt mindre valdelege enn miljøet rundt Blitz i Oslo, og hadde difor eit betre forhold til politi og lokalpolitikarar. Det var litt nostalgisk å lesa denne boka, men mest av alt var det lærerikt. Boka er rikt illustrert - kanskje litt for illustrert, på nokre av oppslaga er det mange små bilete; her hadde det truleg vore betre med noko færre og større bilete.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar