16. juli 2024

Slash og Anthony Bozza: Slash (2007)

Eg var innom på Fretex i Bodø, på leit etter lesestoff for resten av ferien. Denne stod lagleg til. Slash var gitarist i Guns N' Roses, eit metallband som ikkje var altfor interessant. Dei verka litt for opptekne av å leva opp til metallklisjeane, mest i livsstil og image, men òg litt i musikken. I tillegg hadde vokalisten Axl Rose ei rimeleg irriterande songrøyst, og han skreiv òg nokre tekstar som var langt, langt utanfor det som er greitt. Men likevel: Eg les mange bøker om musikantar, også dei eg ikkje høyrer mykje på.

Og boka er vel grei nok. Det handlar om sex, drugs og rock'n'roll, og tidvis er det uklart kva som er viktigast for han. Han vassar i damer, han bruker altfor mykje dop (inkludert at han drikk altfor mykje), og musikken er der jo heile tida. Han skriv varmt om dei fyrste åra i bandet, men gradvis går han over til å kritisera Rose. Her er det nok viktig å hugsa at dette er ein sjølvbiografi, det kan godt vera at Rose opplevde dette annleis, men for Slash er det ikkje tvil om at det var Rose som har skulda for at bandet gjekk relativt raskt i oppløysing. Dette er rett nok ei vanleg oppfatning. Der var fleire i bandet, men det var dei to som vart sett på som dei to viktigaste.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar