28. april 2011

When You're Strange (2009)

Våren 1988 var eg på konsert med Echo and the Bunnymen i Los Angeles. Det var ein sånn middels konsert, også for dei som var lengre inne i Bunnymusikk enn eg var, og slik eg hugsar det var det berre èin gong jubelen verkeleg stod i taket: Då Ray Manzarek tusla inn på scena for å spela keyboard på eit par songar. Eg jubla sikkert ein skvett, eg òg, men mest for å vera snill. Eg hadde ikkje noko nært forhold til musikken til The Doors då, og har det framleis ikkje. Dei har fleire gode songar, men har endå fleire songar som er midt på treet. Eg har ingen plater med dei.

Den same våren, altså 1988, las eg No One Here Gets Out Alive, ein biografi om Jim Morrison. Denne filmen handlar òg mest om Morrison. Han vert presentert som ein film om The Doors, men det er Morrison som er sentral heile vegen. Me får høyra om bakgrunnen hans, om familien hans, om drikkinga hans, om dopet hans, om damene hans, om diktinga hans, og om problema hans. Dei andre i bandet vert berre bakgrunnsfigurar, det skulle ikkje undra meg om folk ser denne filmen utan å få med seg namna på dei andre i bandet.

Det er ein dokumentarfilm. Gjennom det meste av filmen har dei sett saman lyd og bilete frå ulike kjelder - ser me ein konsertfilm, kan me godt høyra ein heilt annan song enn den dei spelar, gjerne med studiolyd. Det fungerer overraskande greitt. Historia til bandet vert greitt fortalt, det er passeleg med musikk. I den mest kontroversielle Morrison-episoden, då han vart dømt for å ha blotta seg på ein konsert, tek ikkje filmskaparane side. Det vert berre nemnt at der ikkje fanst bevis, men det vert ikkje, slik tilfellet var i Morrison-biografien, slege fast at det berre var visvas.

Filmen fyrer derimot litt, men berre litt, opp under eventyret om at Morrison arrangerte sin eigen død, for å verta i stand til å leva eit meir anonymt liv. Gjennom heile filmen er der scener frå ein biltur Morrison hadde, han køyrer rundt i California, og under ein av desse bilscenene høyrer han på radioen at han skal vera funnen død. Desse scenene har rett nok eit visst draumepreg over seg, og bortsett frå scena der han høyrer bilradio vert det ikkje spekulert i om han faktisk kan vera i live. Det er heilt utenkjeleg, ein ting er at han brann ljoset sitt i alle endane han fann, ein annan ting er at han var så lett attkjenneleg at han ikkje kunne ha gøymt seg lenge.

Guffen tilrår.

Meir The Doors på kulturguffebloggen
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

2 kommentarer:

  1. Artig at du omtaler denne filmen nå! Så den i påska - og reagerte også på at de andre gruppemedlemmene var så pass fraværende. Men viktig rockhistorie er jo dette - for all del!

    SvarSlett
  2. Hadde du sagt frå tidlegare kunne me jo sett han i lag. Uansett - det burde jo vore rom for meir om dei tre andre, filmen varer berre ein time og tjue minutt.

    SvarSlett