15. juli 2021

Maren Uthaug: Der det finst fuglar (2017)

Denne boka kom på norsk i fjor, og fekk jamt over gode meldingar. Det er ikkje så lett å skjøna.

Handlinga er lagt til trøndelagskysten. I dei tre delane i boka står ulike karakterar sentralt. Det er dels den same historia som vert fortald om att, med ulik vinkling, slik at me gradvis får vita meir og meir.

Johan vil ha jobb på fyret. Han vil helst ha Hannah, men gifter seg med Marie, av di fyrvaktarar må vera gifte. Dei får dottera Darling og sonen Valdemar. Av og til får dei besøk av danske Gudrun. På land styrer Feite, og son hans, Fredrik, som på si side både hatar og likar Darling. Det viser seg at dei fleste har løyndomar for dei andre, og det viser seg at mange av desse løyndomane knyter seg til sex. 

Dei er ei heller kjedeleg bok. Karakterane er ikkje spesielt interessante, historia er ikkje spesielt engasjerande, og språket er ikkje spesielt vellukka. Det verste er at då eg kjøpte denne boka, kjøpte eg òg ei anna bok av Uthaug. Det er fare for at den vert ståande ulest ei stund.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Uthaug på kulturguffebloggen
Ein lykkeleg slutt (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar