Viser innlegg med etiketten Rishøi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rishøi. Vis alle innlegg

13. november 2021

Ingvild H. Rishøi: Stargate (2021)

Rishøi er ein glimrande forfattar. Ho har tidlegare gjeve ut tre finfine novellesamlingar, men imponerer like mykje i denne romanen. Det er ei joleforteljing, og ei joleforteljing av den litt triste typen.

Det heile vert fortalt av Ronja, som kan vera rundt ti år. Ho bur saman med systera, 16 år gamle Melissa, og den litt ustabile far deira, truleg ein stad på austkanten i Oslo. Faren har ikkje fast jobb, men lovar døtrene at han skal tena litt pengar, slik at dei kan få ei fin jol saman. Han får seg jobb som joletreseljar, og det går bra nokre dagar. Pengane vert ikkje brukte på jol, pengane vert brukte på puben Stargate.

Den eldste systera var tidleg klar over at det var slik det kom til å gå. Men Ronja, som altså fortel historia, trur framleis på det faren seier, og drøymer om at alt skal verta bra. Det vert det ikkje, men det er slik boka sluttar: Ronja drøymer om at faren skal koma tilbake til dei to, og då vert framtida så lys at dei må bruka solbriller.

Det er altså ei finfin bok. Rishøi har så til dei grader kontroll, både på språket og på korleis ho skal fortelja historia si. 

Guffen tilrår. 

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)
Historien om fru Berg (2011)
Vinternoveller (2014)

15. april 2014

Ingvild H. Rishøi: La stå (2007)

Dette er den fyrste novellesamlinga til Rishøi, og alt her viser ho seg som ein sikker stilist. Novellene er presise, og det heile er skrive i eit knapt og godt språk. Ho skriv om unge folk, og om korleis dei har det med andre folk, anten unge eller gamle. Det kan vera eit forhold som ikkje går heilt opp, det kan vera eit forhold som er vanskeleg. Det er mykje lengting i dei sju novellene.

Novella som gjer mest inntrykk er "Jimmy sa", som òg er den lengste i boka. Jimmy er ein gut som bur saman med mor og syster, og som er såpass mykje yngre enn syster si, og som ser heilt annleis ut enn ho. Han er sikker på at han er adoptert, og gradvis greier han å finna ut at det er slik det er. Og det trur me som lesarar òg, heilt til novella på dei siste sidene tek ei vending som i alle fall for meg var heilt uventa.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen

26. januar 2014

Ingvild H. Rishøi: Vinternoveller (2014)

Dei tre novellene i denne boka - ei kort, ei halvlang og ei lang - er bygd opp rundt same lest. Hovudpersonen er i ei eller anna krise, som dei ikkje greier å koma seg ut av sjølv. Men når alt ser som svartast ut, dukkar redninga opp, og novellene sluttar i ei stemning som bryt heilt med resten. Det er alltid håp, men det vert litt i meste laget når det skjer igjen og igjen. Mot slutten av den siste (og lengste) novella står tre sysken til livet i snø, langt utanfor allfarveg, men etter å ha lese dei to andre novellene reknar eg med at det kjem ei løysing. Og det gjer det.

Tilhøvet mellom foreldre og barn er det gjennomgåande temaet. I opningsnovella møter me ei ung mor, på veg heim frå barnehagen med dottera, som har tissa i buksa. Dei har ikkje pengar til buss, og heller ikkje pengar til å kjøpa ny truse, viser det seg. I midtnovella ventar ein lett alkoholisert småkriminell mann, med utprega sterk sosial angst, på å treffa son sin for fyrste gong etter eit fengselsopphald. Han må drikka litt for å greia det, og tida går frå han. Og i sluttnovella har ei sytten år gamal jente ansvar for å halda familien saman etter at faren døydde. Det greier ho ikkje lenger, og rømmer til eit hyttefelt i Valdres saman med dei to yngre halvsyskena sine.

Novellene er godt komponerte. Me ser at hovudpersonane er i ein vanskeleg situasjon, men Rishøi gjev oss ikkje meir enn me treng. Ho porsjonerer ut brokkar av fortida, slik at me etter kvart set saman biletet. Nesten, i alle fall, me får ikkje vita absolutt alt, men me får vita nok.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)

7. mars 2013

Ingvild H. Rishøi: Historien om fru Berg (2011)

Dette er ei fin lita novellesamling, med fem noveller. Eg har ikkje lese noko av Rishøi før, men både denne og den fyrste novellesamlinga hennar, La stå, har fått fine meldingar. Samlinga vert betre og betre etter meir ein les. Den fyrste novella imponerte meg ikkje altfor mykje, men det kom seg utover i boka, og den siste, "Jentene mine" er stor.

Born og unge er eit gjennomgåande tema i denne boka. Dei fire fyrste novellene vert fortalt gjennom unge gutar eller jenter, medan den siste handlar om eit samliv som bryt saman etter at paret får ein unge, og så ein til. Også i dei andre novellene fortel om folk som fell litt utanfor normalen. "The Life and Death of Janis Joplin" handlar til dømes om ei som ikkje kan lesa eller skriva.

Boka er skriven i eit nøkternt og balansert språk. Rishøi skriv om store ting, og då er det kanskje like greitt at ho ikkje hentar fram dei største orda, men i staden fortel lågmælt om personane sine. Det fungerer i alle fall svært godt.

Guffen tilrår.

Meir Rishøi på kulturguffebloggen
La stå (2007)
Vinternoveller (2014)
Stargate (2021)