22. juli 2017

Erling Moss: Saken Per Liland (1997)

At Per Liland vart dømt for å ha drepe to menn i 1970 er ei stor skam. Justismord skal ikkje skje, og det skal i alle fall ikkje skje ved at påtalemakta juksar, slik tilfellet var her. Liland vart dømd til livsvarig fengsel pluss sikring i ti år, og sona i praksis i 24 år. Han døydde i 1996, men opplevde heldigvis å verta frikjent i 1994.

Det var brutale mord han var dømd for. Han var ein del av eit relativt alkoholisert miljø i Fredrikstad, og hadde fram til nokre dagar tidlegare budd i eit hus med tilnamnet "Lille Helvete". Han flytta ut av di det var så mykje drikking og trafikk der at han sleit med å koma seg på arbeid til rett tid - han var ein av dei få i miljøet som hadde fast jobb. To personar vart funne jolafta 1969, begge drepne med øks. Nokre timar seinare vart tre personar frå miljøet pågripne av politiet. Ein av dei var Liland, og politiet arbeidde ut frå ein teori om at han var gjerningsmannen.

Fleire vitne sa at dei hadde sett dei to 23. desember, fleire hadde høyrt bråk frå huset 23. desember, naboane som budde vegg i vegg høyrde bråk natt til jolafta, osb. Det skapte problem for politiet, sidan Liland hadde alibi den kvelden. Difor flytta dei mordtidspunktet til om kvelden 22. desember, altså dagen før fleire hadde sett dei to som vart drepne i live. Til rettssaka vart ikkje alle desse vitna kalla inn, og dei som fekk vitna om at mordet ikkje kunne ha skjedd 22. desember, vart stempla som lite truverdige. For politiet var det altså viktigare å få fengsla Liland, enn å finna den rette drapsmannen.

Det er altså ei stor skam, og saka fortener absolutt ei bok. Diverre er denne boka langt frå god nok. Stoffet er dårleg disponert, boka er dårleg redigert, her aular av repetisjonar, og det heile vert altfor omfattande. Hadde alt dette vorte utbetra kunne boka vore like viktig som saka var; no er det i staden ei bok som nesten er uleseleg.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Camilla Juell Eide og Erling Moss: "...aldri mer slippes løs" (1999)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar