17. juli 2017

Sys Christina Vestergaard: Det kunne ikke være anderledes (2015)

På veg til hytteferie i Danmark, for to dagar sidan: Utanfor Randers køyrde me forbi eit hus som såg heilt malplassert ut, det minte mest av alt om ein mansion frå dei amerikanske sørstatane. Eg såg mest på vegen, men Marit meinte det stod noko om Elvis utanfor huset. Seinare på ettermiddagen drog me med oss ei bunke brosjyrar frå eit turistkontor, og det viste seg at dette var eit Elvis-museum. Dagen etter la me inn eit besøk mot slutten av dagen. Museet var overraskande bra, det var haugevis med gjenstandar som kunne knytast til Elvis, anten det var klede, plater, sko eller andre ting. Det var òg mykje som kunne knytast til medmusikantar eller familiemedlemmar, og det var som det skulle vera når me avslutta besøket med ein heilt grei middag på den amerikanske dineren i huset.

Museet er bygd opp rundt samlinga til Henrik Knudsen. Denne boka handlar om han, og om korleis livet hans har vore prega av Elvis. Han har importert Elvis-saker, både bøker, plater og anna, han har arrangert konsertar med folk som har spelt med Elvis, han har arrangert Elvis-gruppereiser til USA, og tenkjer stort sett berre på ein ting. Han greidde å få finansiert dette huset, og ser ut til å stortrivast med det.

Forteljinga hans er eit godt grunnlag for ei god bok, men den boka må me eventuelt venta på. I mellomtida får me denne boka, som er svært amatørmessig. Vestergaard er journalist, og burde vera van med å disponera stoffet sitt. Kanskje ho er van med å arbeida i eit mindre format, kanskje ho er van med å ha ein redaktør som ryddar i stoffet og språket hennar, men det er ei bok det er vanskeleg å ikkje skumlesa. Det vert ikkje betre av at Knudsen, som er hovudkjelda til alt som står her, er svært glad i å framheva seg sjølv. Det er greitt at dette er historia hans, men likevel: Eg har lese tre gonger så omfangsrike biografiar om store personar, der det er langt færre bilete av den biograferte.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar