21. juli 2017

Dag Johan Haugerud: Enkle atonale stykker for barn (2016)

Denne romanen har tre delar, som i alle fall ved fyrste augekast ikkje heng altfor tett saman. Den andre delen, "Tom og kaninen", heng saman med begge dei to andre, og er òg den lengste. Mellom dei to korte delane, "Sex og kulturformidling i Europa" og "Enkle atonale stykker for barn" er det vanskelegare å sjå fellestrekk.

"Sex og ..." handlar om korleis liv grip inn i kvarandre, korleis alt me gjer er avhengig av kva andre gjer. "Enkle atonale ..." handlar om kva me faktisk hugsar om andre, og om kva me sjølv har gjort. Begge desse emna møte me igjen i "Tom og kaninen". Tom og kaninen dukkar forresten opp i den fyrste delen òg, der ei kvinne er på eit bibliotek for å låna ei avhandling om barneboka Tom og kaninen.

Den boka er skriven av Eivind Ness, og det er han det handlar om i "Tom og kaninen". Eller rettare - det handlar mest om enkja hans, Eva. Ho vert kontakta av redaktøren til ein ung mann som vil skriva biografi om Ness, og litt seinare vert ho kontakta av ei ung kvinne som òg vil skriva biografi om Ness. Ho vegrar seg for å samarbeida med dei, sjølv om ho lenge har fantasert om å kunne hjelpa dei som skal skriva biografi om mannen hennar. Ho greier ikkje hjelpa den unge mannen, mest av di han er aldeles hjelpelaus sosialt, og angrar på at ho hjelper den unge kvinna, mest av di ho ikkje trur at det ho skriv vert godt og djupt nok.

"Tom og kaninen"-delen av romanen er finfin. Der er mange fine karakterer, også dei som krinsar rundt Eva Ness er spanande figurar, og måten dei får fram sider ved Eva er glimrande. Dei to andre delane er ikkje heilt på det same nivået. Den fyrste delen, der me møter nye personar heile tida, er underhaldande nok. men verkar samstundes som om det mest av alt er eit skriveteknisk eksperiment, der Haugerud ser kor langt han kan dra akkurat dette grepet.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005) 
Som du ser meg (film, 2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar