2. juli 2017

United 93 (2006)

Det er lett å vera skeptisk til ein film som dette. Berre fem år etter terroråtaka mot USA vert det laga ein film som handlar om det flyet som ikkje nådde målet sitt. Der gjorde passasjerane så sterk motstand mot kaprarane at flyet styrta rundt tjue minutt frå Washington D.C., som var det trulege målet for terroristane.

Det ligg såleis godt til rette for ein film om folk som kjempar for USA. Opninga av filmen minskar ikkje skepsisen. Me er på rommet til terroristane, som les i Koranen før dei reiser til flyplassen. Det er altså tydeleg kven som er med oss og kven som er mot oss.

Men det tek seg heldigvis opp. Det meste av filmen er laga i real time, og det vekslar mellom flyplassen, flyet og kontrollrommet for luftrommet over det vestlege USA. Dei siste scenene viser godt korleis landet ikkje var førebudd - det var til dømes uråd å få tak i fly frå flyvåpenet som kunne forsvara terrormåla. (Om dei hadde gjort noko frå eller til er ei anna sak.)

Scenene frå flyet er dei beste. Dei får godt fram kor hjelpelause passasjerane er når noko slikt skjer. Det er trongt, av og til klaustrofobisk, og desse scenene er filma med eit handhelde kamera, slik at ein kjem endå tettare inn på handlinga. Filmen har òg ein god slutt - rett før flyet når bakken vert det heile svart.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar