30. desember 2024

Kate Conger og Ryan Mac: Character Limit (2024)

Det einaste sosiale mediet eg har vore rimeleg aktiv på er Twitter. Det var ein grei måte å få nyhende raskt, i tillegg til at det var mange gode debattar og mykje å le av. Eg var innom fleire gonger kvar dag. 

I 2022 kjøpte Elon Musk Twitter. Han har høge tankar om seg sjølv, men dei i Twitter-sirkelen min (og veldig mange andre) var svært lunkne til at han skulle ta over. Ein ting var at han var på veg ut i mørket på ytste høgre, ein annan ting var at han verka altfor oppteken av å tena pengar. Det er ikkje noko gale med det, men løysinga hans for å få Twitter til å tena pengar var å sparka folk. Sparka mange folk. Staben vart halvert og vel så det. Han brydde seg lite om at desse faktisk hadde viktige jobbar på Twitter - i tillegg til det tekniske var mange av dei opptekne med fjerning av støytande innhald. I boka står det om korleis mange tvitrarar prøvde å få seg ein invitasjon til Bluesky, som er ein slags Twitter-kopi. Eg fekk tak i ein ivitasjon i september i fjor, og etter at Bluesky vart opna for alle sletta eg Twitter-kontoen.

Denne boka skildrar heile denne prosessen. Undertittelen, "How Elon Musk Destroyed Twitter", er presis. Dei to forfattarane, som er journalistar i New York Times, tek oss med på ein detaljert gjennomgang av tida. Dei har hatt tilgang til eit stort kjeldemateriale, både munnlege og digitale kjelder, og viser både at Musk ikkje kan ha forstått kva han dreiv med, og at han slettes ikkje er den supermannen han trur han er. Han får mange åtvaringar, men køyrer på utan stopp. Og bryt ned heile det sosiale mediet.

Guffen tilrår.

Kjærlighet (2024)

Den tredje og avsluttande filmen i trilogien til Haugerud. Eg har berre sett dei to siste, og begge er veldig bra. 

Det handlar mest om dokteren Marianne og sjukepleiaren Tor. Dei arbeider saman, på eit avdeling for pasientar med prostatakreft. Ein ettermiddag møter dei kvarandre på ferja til Nesodden. Ingen av dei bur der fast, men Tor låner ei hytte der, medan Marianne skal på besøk til ein kjenning ei veninne vil kopla ho saman med. Dei møtest fleire gonger på ferja, og han fortel at han ofte møter menn på appen Grindr der, og at dei ofte har spontan sex. Ho finn etter kvart ut at ho både vil satsa litt på kjenningen til veninna, og på å prøva ut noko liknande på Tinder.

Som vanleg hjå Haugerud er filmen prega av dialogar. Både dei to hovudpersonane og dei to-tre andre me møter ofte snakkar mykje, og dei snakkar vel eigentleg uventa ope om både liv og kjensler. Skodespelet er upåklageleg, og eg likar godt korleis replikkane deira verkar så ekte. Dei tek ofte pausar i setningane, dei snakkar av og til litt feil, og så bortetter. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Drømmer (film, 2024)

23. desember 2024

Nille: Gamle Vangen (1942)

Nille er Nils Hjørnevik; Gamle Vangen er gamle Vossavangen. Kort fagleg opningsavsnitt: Vangen var bygdesenter frå gamalt av. Frå midten av 1800-talet vaks senteret, og etter at Vossebanen, jernbanen mellom Voss og nabobyen i vest, vart opna i 1883, vaks Vangen fort. 

I april 1940 vart Vangen bomba av tyske krigsfly. Svært mange gamle og verdfulle bygningar brann opp under bombedagane, slik at ein nesten rykte tilbake til start: I juni 1940 vart det lyst ut tevling for ny reguleringsplan, og i dag går gatene på Vangen heilt annleis enn dei gjorde før krigen.

Då Nille skreiv denne boka, i 1942, var ikkje Vangen oppattbygd. Det er ikkje så nøye, han fortel om dei siste tjuefem åra før bombinga. To kameratar, Nils og Ola, går gjennom alle gatene som var, og fortel om både hus og folk. Det er nok ei bok som er mest interessant for oss heimfødingar, men for oss er dette ei lita perle. Nille vekslar mellom harde fakta og halvgode, lettare historier. 

Boka opnar, passande/upassande nok, med ei skildring av kor stas det var når brannklokkene kima, og korleis alle sprang for å sjå huset som brann. Deretter går dei gjennom Vangen, frå vest til aust, og det er stas å vera med på den vandringa.

Guffen tilrår. 

22. desember 2024

Roberto Arlt: Sju galningar (1929)


 Eg repeterer sikkert noko eg har skrive før, men i alle fall: Det er mykje bra med serien "Skalds klassikarar", og noko av det beste er at dei vekslar mellom kjende (for meg) og ukjende (for meg) forfattarar. Dei har gjeve ut rundt 25 bøker så langt, og noko over halvparten av desse bøkene er skrivne av forfattarar eg ikkje har lese noko av. Roberto Arlt er ein av dei, og det kan godt vera at dette er den fyrste boka eg les av ein argentinsk forfattar. Det er, ahem, arltige greier.

Kven som er dei sju galningane i tittelen er ikkje heilt lett å seia - her er mange å ta av. Men me må gå ut frå at hovudpersonen , Erdosain, er ein av dei, og han som berre vert kalla Astrologen må vera ein annan. Erdosain har gjort eit lite underslag på jobben, og får frist til dagen etter med å levera pengane tilbake. Han reiser rundt til nokre av kjenningane sine for å spørja om lån, og same dagen får han òg vita at kona hans flyttar frå han og inn til ein annan. Ein av dei fyrste han oppsøkjer er Astrologen, som har nokre stormannsgale planar om både eitt og hitt, og der det å ta livet av ein annan luring er det minst urealistiske.

Det tok litt tid før boka verkeleg fenga meg, men etter kvart vart eg så dregen inn i boka at eg hadde vondt for å leggja ho vekk. Artige påfunn, artig språk, osb - dette er vel verdt bryet.

Guffen tilrår. 

16. desember 2024

Geddy Lee: My effin' life (2023)

Nja - eg les ein del rocke-biografiar. Som regel er det om musikarar eg likar eller kjenner litt til, men slik var det ikkje her. Lee var bassist og vokalist i det canadiske bandet Rush, som eg ikkje har noko forhold til i det heile. Boka fekk god omtale då ho kom ut i fjor, så eg prøvde meg like godt. Det var vel verdt bryet.

Den fyrste halvdelen av boka er finast. Eg er vanlegvis skeptisk til sjølvbiografiar der forfattaren bruker for mykje tid på oppveksten, men her gjev det meining: Begge foreldra sat i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen, og det prega sjølvsagt livet deira. Dei flytta til Canada då freden kom, gifta seg og fekk to ungar. Far til Lee døydde relativt tidleg, men han var nært knytt til mora så lenge ho levde. 

Både mora og slekta elles (som òg hadde vore i konsentrasjonsleirar) var skeptiske til måten Lee fjerna seg frå det jødiske miljøet på. Han fekk langt hår og vart dregen mot drugs og rock'n'roll. (Han skriv lite om den tredje; kanskje av di han framleis er gift med ei han møtte før han var tjue.) Han går inn og ut av eit par band, før han får det til med Rush. Dei skifta trommis etter nokre år, og det er alltid stas når band har same medlemmer lenge. Frå 1974 til dei la opp i 2015 (med ein kort pause seint i 1990-åra) var det den same trioen heile tida. Etter kvart som bandet får meir og meir suksess vert boka litt slappare. Det vert mykje repetisjonar, og litt for mykje teknisk om studio og produsentar og instrument osb. 

Eg anar (sjølvsagt) ikkje korleis Lee er som person, men her greier han å framstilla seg sjølv rimeleg sympatisk. Mange av anekdotane hans er rett nok mindre interessante enn han trur, men det kan jo vera smak og behag.

Guffen tilrår. 

14. desember 2024

Carl Frode Tiller: Arbeidarhjerte (2024)

Carl Frode Tiller er fødd i 1970. Berre i levetida hans har Noreg endra seg stort - på den tida var framleis Arbeidarpartiet det suverent største partiet. På dei siste tiåra har veljarane gått mot høgre, og Arbeidarpartiet diltar etter i same retning.

Trond, hovudpersonen i denne boka, sympatiserer med Arbeidarpartiet. Faren har vore kommunist heile livet, og er nok noko misnøgd med at Trond har glidd noko mot høgre. (Rett nok ikkje like langt til høgre som den andre sonen, Stein.) Trond likar rett nok å provosera, han likar å framstå som ein større og meir kritisk tenkjar enn han er, men likevel kjem han med ei reint rasistisk utsegn i denne boka, og me får òg vita at han har mist jobben grunna ei rasistisk haldning. Det er ikkje det einaste han har mist. Gjennom fleire tilbakeblikk ser me at han ein gong hadde eit godt familieliv, med kone og to døtrer, men no bur han i eit leigd kjellar-husvære. 

Det er ikkje Tiller i toppform, dette. Her er mange gode kranglar og samtalar, og her er passeleg med uventa vendingar, men likevel: Av og til vert det altfor tydeleg kva han vil og skal. Det er den fyrste boka i ein serie - kanskje ein ny trilogi? - og eg vonar at dette berre er eit forbigåande veikt punkt i ein stor forfattarskap.

Guffen er lunken. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

11. desember 2024

Torunn Todal Laberg m.fl. (red.): Vossa Jazz i femti. 1973-2023 (2023)

Vossa Jazz fylte femti år i fjor. Den fyrste festivalen vart arrangert i 1974, men sjølve reknar dei 19. desember 1973 som skipingsdagen - den dagen sende dei ut pressemelding om den komande festivalen. Denne boka fortel om dei femti åra. Dei fyrste åra vart festivalen arrangert av nokre entusiastiske ungdommar; i dag er det ein langt meir profesjonell organisasjon som står bak. Det er, slik det ofte er, langt meir interessant å lesa om dei tidlegaste åra.

Boka er berre sånn middels vellukka. Her er mange glimrande foto, både av artistar, publikum, arrangørar og plakatar. Det er teksten som dreg nivået ned. Her burde vore strammare liner, her burde vore færre halvgode anekdotar, og boka ropar vel litt etter ein myndigare redaktør. Nokre gonger vert det for internt, det er som om forfattarane skriv for dei som alt kjenner Voss og festivalen. Det treng ikkje stå "jo" i ei setning om Ole Didrik Lærum jo vart professor seinare i livet. Dei treng ikkje skriva kva som er klengenamnet til Lars K. Bonsaksen eller Anders Ullestad. Og viss dei fyrst skal skriva kva klengenamnet til Ullestad er, treng dei ikkje skriva det tre gonger. 

Guffen er lunken. 

10. desember 2024

Oscar Wilde: The Importance of Being Earnest (1895)

Oscar Wilde var rimeleg løyen. Han var vidgjeten for dei treffande replikkane sine, replikkar der han ofte fekk sagt fleire ting på éin gong. Den beste kjende boka hans er (truleg) romanen The Picture of Dorian Gray (1891). Dei neste fire åra skreiv han fem skodespel; dette er det siste av dei.

Det er eit skodespel med forvekslingar, altså der det av og til er uklart kven som er kven. Eg skal ikkje utropa meg sjølv til ein kjennar av slike skodespel, viss det dukkar opp noko slikt på fjernsyn har eg lett for å snu meg vekk. Dette skodespelet fungerer likevel godt, i alle fall dei to fyrste (av tre) aktene. Grunnen er enkel - det er mange glitrande replikkar.

To gode vener, Algernon og Jack, møtest. Algernon trur at Jack heiter Ernest. Jack er i byen for å fri til Gwendolyn, syskenbarnet til Algernon. På landet, der Jack vanlegvis bur, seier han at grunnen til at han ofte reiser til byen er at han må sjå til broren sin, Ernest. Jack frir og får ja. I den andre akta reiser Algernon ut på landet der han presenterer seg som Ernest, bror til Jack. Jack dukkar opp nokre timar seinare - han veit ikkje at Algernon er der, og seier i staden at han nett har fått ei trist melding om at den oppdikta broren er død. 

Det fungerer altså heilt greitt, og det fungerer sikkert minst like bra på scena.

Guffen tilrår. 

Meir Wilde på kulturguffebloggen
The Picture of Dorian Gray (1890)

9. desember 2024

Hans Olav Lahlum: Noen av oss har snakket sammen ... (2010)

Denne boka har heilt rett tittel. Einar Gerhardsen, den mektigaste av alle dei mektige mennene i Arbeidarpartiet, skal ha brukt det uttrykket ofte for å forklara vedtak som kom. Det skapte altså eit inntrykk av at nokon få sat på bakrommet og fann ut kva som skulle gjerast. Denne boka viser at det ofte var slik.

Det handlar om personskifta i leiinga av Arbeidarpartiet 1945-75. I denne tida hadde tidvis Arbeidarpartiet all makt i landet, dei hadde reint fleirtal på Stortinget og kunne gjera (omtrent) som dei ville. Lahlum går gjennom alle viktige personskifte, anten det er i partiorganisasjonen, i regjeringa, i statsministerposten, eller redaktørstillinga i Arbeiderbladet. Kven fekk viljen sin? Kven fekk det ikkje? Kven takka ja, kven takka nei, kven vart kasta mot sin vilje?

Lahlum er ein grundig forfattar, slik at det av og til vert veldig detaljert, og av og til vert det vanskeleg å halda styr på alle namna. Men som oftast er det spanande lesing, også for oss som aldri har røysta på Arbeidarpartiet og som heller ikkje har planar om gjera det. 

Og sjølv om boka handlar om tiåra etter andre verdskrig, vart ho jo brått rimeleg aktuell igjen. Den siste veka har det vorte murra ein del om at Støre må trekkja seg som leiar av Arbeidarpartet, og sett frå utsida verkar det opplagt at det her er sterke krefter som har snakka saman på bakrommet.

Guffen tilrår. 

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Haakon Lie. Historiene, mytene og mennesket (2009)
Reiulf Steen (2019)

7. desember 2024

Ragnar Frislid: Gjende (1982)

Nja, det var vel slik fjellbøker vart laga for nokre tiår sidan. Det er ei heilt grei bok som får meg til å planleggja turar til Jotunheimen igjen, men det er heller ikkje noko meir enn det.

Gjende er ein av dei tre store innsjøane i Jotunheimen. Han ligg heilt søraust, med finfine toppar på både nord- og sørsida. Den mest brukte ruta ved Gjende går over Besseggen, og den opplagte grunnen til det er at det er ei flott rute.

Nokre innvendingar: Boka burde hatt betre kart. Det er grove kart på fyrste og siste oppslag, men det ville undra meg viss alle stadnamn i boka er nemnde der. Boka burde hatt betre bilete. Det vert for mange nærbilete av natur - på og rundt Gjende er det dei store oversiktsbileta som bør brukast. Boka burde ikkje hatt bilete i svart/kvitt. Og for min del kunne dei ha droppa det halv-obligatoriske kapittelet om botanikk.

Boka handlar om årstidene ved Gjende, og fortel nokre av dei vanlege historiene knytt til sjøen. Her står om dei tre britane, her står om Jo Gjende, her står om Peer Gynt. Det er ikkje eit altfor sprekt språk, men det er likevel ei bok som er heilt grei.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

6. desember 2024

Ragna Thiis Stang (red.): 25 nordmenn sett av Gustav Vigeland (1949)

Gustav Vigeland var ein produktiv kunstnar. I tillegg til den der parken i Oslo laga han små og store skulpturar. I denne boka vert me presentert for 25 byster han laga. 

Kvart av dei 25 kapittela er bygd opp likt: På dei to fyrste sidene skriv ein forfattar om den portretterte. Så kjem det eit heilsides bilete av bysta, før det kjem ei side med biografiske fakta. Det er eit fint mønster. At kapittela vert avslutta med fødeår og yrkeskarriere og alt slikt gjer at forfattarane står heilt fritt. Tekstane er jamt over gode - dei tek som regel føre seg einskildhendingar eller tendensar som var viktige for den dei skriv om. Mange av forfattarane er mindre kjende i dag, men her er til dømes tekstar av Johan Falkberget, Halvdan Koht, Vilhelm Krag eller Henrik Sørensen.

Bystene er òg solide, sjølvsagt. Dei er attgjevne i svart-kvitt, og med berre eitt foto av kvar får me berre sett dei frå éin vinkel. Det er likevel nok, og det er imponerande kor ulike uttrykk dei har. Bystene viser forfattarar, kunstnarar, politikarar og andre som markerte seg. Den einaste kvinna som er portrettert er Aasta Hansteen.

Guffen tilrår. 

4. desember 2024

Lol Tolhurst: Goth. A History (2023)

Tolhurst spelte i The Cure, eitt av dei meir populære goth-banda, fram til 1989. Eg var aldri langt inne i musikken deira, den einaste utgjevinga eg kjøpte var samleplata Standing on A Beach. Eg hadde heller ikkje noko nært forhold til andre goth-band, sjølv om eg var på konsert med nokre av dei. Det kan godt henda at det var bra musikk der, men eg synest vel at den visuelle stilen deira var rimeleg fjern. 

Det er ikkje noko komplett goth-soge, dette, men det er ei fin bok. Der er litt generell historie, og det er litt livlaust. Det vert mykje betre når Tolhurst skriv om korleis han vart interessert i musikk, og korleis punken var befriande for han. Han viser korleis musikken i åra etter punken gjekk i ulike retningar, og korleis The Damned eller Siouxsie and the Banshees begge var tidlege goth-band. Det kjem korte og gode portrett av fleire viktige goth-band frå åtti-åra, før han skriv om nyare døme på goth. Han bruker heile tida seg sjølv aktivt, og vekslar fint mellom eigne minne og samtalar med andre. 

Det finaste med boka er at teksten er velskriven og reflektert. Tolhurst gjev eit godt inntrykk, og boka gav meg lyst til å lesa ei tidlegare bok av Tolhurst, der han skriv om tida si i The Cure. Kanskje eg til og med skal høyra litt på bandet, sjølv om eg har ei kjensle av at det vert ei kort økt.

Guffen tilrår. 

Meir Tolhurst på kulturguffebloggen
Cured (2016)

3. desember 2024

Gunnhild Øyehaug: Her kjem sola (2024)

Dei siste bøkene til Øyehaug ligg alle på eit høgt nivå, og slik er det òg med denne. Her er eit uvanleg overskot, både språkleg og litterært. 

Det heile vert fortalt av Helga Mork, ein forfattar som bur åleine i bygda Volke, som ligg langt nord på Vestlandet. Ho har ikkje mykje kontakt med naboane, men melder jamleg med Irina, som bur på andre sida av fjella. Mork bur øvst oppe, i ei gate med berre to hus, og tidleg i boka flyttar det inn eit par i det andre huset. Det viser seg at desse to, Christina og Even, òg er forfattarar, og etter at dei har gått litt rundt grauten ei tid vert ho invitert over til dei. Ho finn seg godt til rette, og likar Even så godt at ho ikkje greier å tenkja på noko anna.

Den fyrste bolken i boka heiter det same som boka; den andre delen heiter "Verkelegheita". Denne delen minner langt meir om ein draum, trass i tittelen. Her skjer det merkelege ting, der Mork mellom anna flyttar inn på ein campingplass med eiga høne. Så kjem det to oppsummerande og opnande bolkar til slutt, "Kviskreland Solutions" og "London". Det er fine greier heile vegen, og, slik eg truleg har sagt før, Øyehaug er ein av dei store favorittane mine for tida. 

Guffen tilrår. 

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)

2. desember 2024

Luiz Sanchez: Smile (2014)

Eg trur eg har sagt det før: Kvar bok i denne serien handlar om éi plate, og innfallsvinkelen til forfattarane varierer. Denne boka er ulik dei andre eg har lese, og det passar eigentleg bra. Boka handlar om Smile, ei plate Beach Boys skulle gje ut i 1967, men som av ulike grunnar vart lagt vekk. Smile var altså ei plate som ikkje var utgitt, og slik sett passar det bra at denne boka omtrent ikkje skriv om plata i det heile. (Plata kom ut som ei Brian Wilson-plate i 2004, og i 2011 kom boksen The Smile Sessions.)

Det er altså ei anna bok enn det eg trudde eg skulle få. Men det gjer ingenting - dette er ei fin bok. Sanchez fortel litt om historia til Beach Boys, før han går grundig inn i kampane Wilson kjempa midt i 1960-åra. Dei er ikkje heilt ukjente. Det er velkjent at han såg The Beatles som konkurrentar, og at han heile tida prøvde å forbetra musikken deira. Det er mindre kjent at han hadde eit anstrengt forhold til Phil Spector, produsenten som var innovativ og leiande i 1960-åra. Wilson såg opp til han og prøvde å koma tett på han; Spector var rimeleg uinteressert.

Sanchez skriv òg om korleis Wilson finn seg nye leikekameratar. Medan Beach Boys er på turné lagar Wilson musikk med andre - fyrst med Tony Asher, deretter med Van Dyke Parks. Det var saman med Parks han arbeidde med Smile.

Guffen tilrår.

Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)

Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)

1. desember 2024

John Aizlewood: Playing At Home (1998)

I sesongen 1997/98 såg John Aizlewood mykje fotball. Han var på heimekamp hjå kvart lag i dei fire øvste divisjonane i engelsk fotball - i alt 92. Og han skreiv bok om det. Det kunne gått heilt gale, men det gjer det ikkje. Den viktigaste grunnen til det er at Aizlewood kan skriva hylande morosamt.

Kapitla er bygd opp rimeleg likt. Han kjem til byen/området, skriv litt om historia til staden og kanskje litt om historia til laget. Så går han innom ein pub på veg til stadion, ser kampen, og går (som regel) på pub igjen etter kamp. Han har eit slags referat frå kvar kamp, men der er det oftast viktig å fortelja om korleis publikum oppfører seg. 

Han skriv godt, og er av og til så fritalande at nokre av setningane hans ville ha vorte strokne av ein redaktør i dag. (Det går mest på omtale av anonyme kvinner og menn han møter.) Han har evna til å sjå det komiske i situasjonar, og fleire gonger lo eg høgt. Han skriv òg godt om sitt eige prosjekt - sånn halvveges i boka kjem det nokre kortare kapittel, der det verkar som om piffen er litt på veg ut. Han har fått nok av dårleg mat og mykje reising, og tel litt ned til det heile er over. Det siste referatet sluttar likevel med at han gjerne skulle ha halde fram.

Guffen tilrår. 

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

30. november 2024

Morten A. Strøksnes: Molok (2024)

Når me les bøker om Palestina og Israel - kor mykje er me påverka av kva me meiner om konflikten? Dei aller fleste må ha ei meining om det som har skjedd og framleis skjer. For meg er dette ei god bok, men eg er usikker på om dei Israels-venlege naboane mine ville sagt det same. 

I dei andre Strøksnes-bøkene eg har lese er han vanlegvis på farten. Denne gongen er han heime, og skriv ei slags dagbok over hendingane i og rundt Gaza. Boka opnar 7. oktober 2023 og sluttar eitt år seinare. Han skriv om utviklinga gjennom året, og vekslar mellom å referera det som har skjedd sidan sist og å fortelja litt av bakgrunnshistoria. Dei dagsferske referata er oftast heller korte; dei andre kapitla kan vera noko meir omfattande.

Det er ei god bok, men det er òg ei trist bok. Strøksnes kjenner området og historia godt, og får fram korleis Israel i fleire tiår har oppført seg som om dei sjølve lagar alle reglane. Dei framstiller seg sjølve som offer, samstundes som dei fører ein aggressiv politikk. Dei har hatt mange blodtyrste politikar, men verst av alle er Netanyahu. 

Boka gjorde meg klokare, men eg vert òg litt motlaus: Det er vanskeleg å sjå korleis konflikten kan løysast.

Guffen tilrår. 

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)

26. november 2024

Egon Holstad: Norge sett fra Nord (2024)

Egon Holstad er ein kar det er stas å høyra på. Eg har aldri møtt han, men eg har høyrt og sett han snakka på radio eller fjernsyn, og det er jamt over vellukka. Han formulerer seg godt, han har sterke og gode meiningar, og han har god sans for humor.

Han skriv òg mykje, og i denne boka har han samla mange av artiklane og kommentarane sine. Det er eit sakn at han ikkje skriv kvar og når dei har stått på trykk, men det er omtrent den einaste innvendinga eg har. Han har budd heile livet sitt nord for polarsirkelen, og er i dag busett i Tromsø. Fleire av artiklane handlar om tilhøva i Nord-Noreg, og han er òg ofte innom kva haldningar søringar har til den nordlegaste landsdelen. Holstad viser overtydande korleis der er store manglar i det biletet. 

Han kan òg klaga på samfunnsendringar, som at Posten ikkje lenger finst, eller at det sjølvforklarande namnet Noregs Statsbanar er erstatta med det meiningslause Vy. Han skriv godt om korleis samane har vore handsama av kvitingane frå sør. Og det kjem òg ein varm, varm tekst om jordmødrer han har møtt, jordmødrer som ikkje uventa er hakket tøffare enn kollegaene sine i sør.

Guffen tilrår.

24. november 2024

Ottar Grepstad og Sverre Tusvik (red.): Økland (2024)

Samtalebøker med forfattarar er oftast interessante. Det er ikkje alltid naudsynt å ha nær kjennskap til forfattarskapen til han som snakkar (mest) - i fjor las eg til dømes ei fin bok der Ingvar Ambjørnsen snakka om liv og verk. 

Denne boka gav meg ikkje like mykje. To tredelar av boka er ein lang samtale med Einar Økland. Denne delen er sett saman av ei rekkje samtalar Økland har hatt med dei to redaktørane, Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg. Her er mykje interessant - Økland snakkar om skriving, lesing, musikk, samling, osb. Han fortel mellom anna om slekt, om andre forfattarar, om forholdet til forlaget sitt, og om gledane ved å samla.

Det mest interessante er når han snakkar om litteratur. Eg har ikkje lese mykje av Økland, men det har eg heller ikkje av Ambjørnsen (sidan eg no likevel nemnde han). Det er velkjent at Økland er ein samlar, og at han samlar på mykje som ingen andre bryr seg om. Desse bolkane er ikkje like interessante. Eg slit òg litt med tonen til Økland, han verkar litt for oppteken av å visa kor spesiell han er, og kor spesielle samlingar han har. 

Guffen er lunken.  

20. november 2024

Ken Jennings: Because I said so! (2012)

Utgangspunktet er greitt: Jennings tek føre seg ulike ting foreldre seier til ungane sine, oftast for å korrigera dei eller unngå at dei skadar seg, og han prøver å finna ut om det er sant. Alle døma er (truleg) henta frå USA; mange av dei er kjende også i Noreg, som den om at det er livsfarleg å springa med ei saks i neven, eller den med å blåsa på eit sår for at det skal kjennast betre. Alle døma får ei gradering til slutt, mellom "heilt sant" eller "berre tull". (Spoiler: Det med saksa er nærmare "heilt sant"; det med blåsinga er nærmare "berre tull". Ja, det kjennest betre for den som har såret, men sidan pusten vår inneheld store mengder bakteriar, kan det gjera vondt verre.)

Det er ei heilt greit bok. Det vert litt mykje på ein gong, og kanskje hadde eg kost meg meir dersom eg hadde lese litt mindre porsjonar. Jennings er kunnskapsrik, han skriv underhaldande og godt, og han viser heile tida til kjeldene han bruker. Nokre av kjeldene er òg underhaldande i seg sjølv - det er mange rare ting forskarar får lov til å forska på.

Guffen tilrår.

11. november 2024

Guri Sørumgård Botheim: Høgfjellsmeldinga (2023)

Ragna Svae har fått jobb på Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Det viser seg at ho har hakket meir rabiate meiningar enn dei andre som jobbar der. Sjefen hennar bed ho skriva ein NOU-rapport om korleis villreinen har det på Dovrefjell, og konklusjonane hennar vert tekne dårleg mot av andre som bruker området. Ho foreslår mellom anna at berre fastbuande skal ha tilgang til nasjonalparken. Både det lokale reiselivet og Den Norske Turistforeining protesterer. 

Ho finn nokre allierte på Hjerkinn. Nokre bur der, nokre arbeider der. Men ho kjenner seg åleine, og etter kvart skjer det både eitt og hitt. Nokon installerer eit skjult kamera på kontoret hennar. Ho får besøk av to mystiske menn. Av og til minner det om Twin Peaks, andre gonger får me berre ei kjensle av ho innbiller seg ting. Heile tida vert ho dregen mellom Lars, kjærasten hennar i Trondheim, og Gaute, som ho var kjærast med for mange år sidan.

Det er ein glimrande roman, på fleire måtar. Ein ting er at han tek opp viktige og dagsaktuelle spørsmål, og han gjer det på ein måte som tydeleg plasserer sympatien på rett side. Ein annan ting er korleis det heile tida skjer noko nytt, korleis Botheim heile tida kjem med ørlite meir informasjon, slik at me gradvis lærer meir om både fortid og notid. 

Guffen tilrår. 

Meir Botheim på kulturguffebloggen
Sigrid S. Botheim og Guri S. Botheim: Ramstein Pensionat (2009)

10. november 2024

Jan Gradvall: Abba. Historien fra innsiden (2024)

Denne boka var ikkje heilt som eg tenkte meg. Det skuldast nok fyrst og fremst den ekstremt misvisande undertittelen på den norske utgåva - "historien fra innsiden". Boka er skriven av den svenske musikkjournalisten Jan Gradvall, og på svensk er tittelen "Vemod undercover. Boken om Abba". Det er altså ikkje ein rein biografi, det er i alle fall ikkje ein biografi frå innsida. 

Det handlar litt om historia til Abba, sjølvsagt, det er den raude tråden i boka. Men det handlar like mykje om heilt andre ting. Gradvall skriv mykje om det svenske musikklivet i 1960- og 1970-åra, og om korleis dei fire i Abba var gamle kjende frå danseband og poprockband. Alle var berømte i Sverige; Abba vart nesten som ei supergruppe. Han skriv òg mykje om folk rundt bandet - manager, studioteknikar, musikarar, osb. Dei fire bandmedlemmene får eigne kapittel, der Gradvall også skriv om livet før og etter Abba. Og han skriv altså sjølvsagt om musikken dei laga, men det er ikkje noko komplett gjennomgang av alt dei gjorde.

Det er ei heilt grei vinkling, og Gradvall fyller på med små og store anekdotar og fakta. 

Guffen tilrår. 

9. november 2024

Truman Capote: Other Voices, Other Rooms (1948)

Nja. Eg har ei rar kjensle av at eg såg filmatiseringa av denne romanen då eg budde i Bergen for lenge sidan, truleg i filmklubben. Viss det stemmer har det ikkje gjort stort inntrykk. Det var i alle fall ikkje mykje i boka eg kjende att. Eller - det kan henda at filmen hadde like lite å by på som boka, og at eg difor har fortrengt det meste.

For denne boka var vel ein nedtur. 13 år gamle Joel Knox har budd i New Orleans, men då mora døyr flyttar han ut på landet, til plantasjen der faren bur. Han har ikkje hatt kontakt med faren på lenge, og han både ser fram til og gruar seg til å møta han. På veg til plantasjen møter han fleire halvrare folk, og slik er det òg på sjølve plantasjen. Stemora. Ein eldre eks-slave. Barnebarnet til eks-slaven, som no er kokk på plantasjen. Syskenbarnet til stemora, ein homofil kunstnar som bur der. Nokre omtrent jamgamle jenter i nabolaget.

Her er nokre fine skildringar og vendingar, men det er ein roman utan noko større framdrift. Det vert òg altfor ordrikt og livlaust, og utover i romanen var det tungt å koma vidare. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

8. november 2024

Margreth Olin: Song til mor (2024)

Margreth Olin er fyrst og fremst filmskapar. Ho har laga mange finfine og rørande dokumentarfilmar, også om eiga slekt. I fjor kom filmen Fedrelandet, som fyrst og fremst handla om far hennar, og tilhøvet hans til Oldedalen i Nordfjord, der han vaks opp. For meg vart det litt i overkant med naturbilete der, det som verkeleg gjorde inntrykk var forholdet mellom far og mor.

Denne gongen er det ein roman, og denne gongen handlar det om mora. Det er ein roman, men svært mykje av stoffet ser ut til å vera henta frå eige liv. Eg-forteljaren er i alle fall filmskapar, og boka fortel om tida då ho laga film om faren (med mange tilbakeblikk). Her får mora meir plass, og me les om eit uvanleg tett mor/dotter-forhold. Dottera vil noko anna enn alle andre, ho vil leva eit liv i kunstfeltet, og mora bakkar ho så til dei grader opp. Mora fortel at ho sjølv tenkte seg eit skrivande liv då ho var ung, men slik gjekk det ikkje. Delar av boka minner altså litt om Odelsskam, som eg las for nokre dagar sidan.

Det er ei uvanleg velskriven bok. Språket er levande og variert, og me kjem tett og godt på dei to. Eit gjennomgåande bilete er lyset, me møter det alt i opningskapitlet, der dottera les opp dei to fyrste orda ho har skrive ("lamma lyser"), og dette skinet vert med oss heile vegen. Også heilt til dei siste, ubegripeleg rørande og triste kapitla.

Guffen tilrår. 

Meir Olin på kulturguffebloggen
Fedrelandet (2023)

5. november 2024

Maria Lavik: Odelsskam (2024)

I denne boka fortel Maria Lavik om korleis det har vore å vera odelsjente utan lyst til å ta over garden. Det er noko eg kan kjenna meg godt igjen i. Eg er nummer to av ungane, men det vart rimeleg tidleg at eldstemann ikkje skulle driva gard. Eg trur eg kjende på eit press ei stund, men var vel òg tidleg klar over at eg ikkje skulle verta bonde. Likevel sit eg her i dag, som grunneigar, om ikkje anna. Jorda er vekkpakta, og det er eg glad for. Eg ser verdien av å bu på ein gard som har vore i slekta i snart 200 år.

Lavik hadde liknande tankar, men såg tidleg at det var anna ho heller ville. Ho kjenner både garden og slekta si godt, og fortel mykje om mange av dei som har budd på og drive garden. Garden ligg i Eksingedalen, forresten, og det gjorde det nok vanskelegare for Lavik å ta over. Ho visste tidleg at ho ville leva av å skriva, og det var langt lettare viss ho budde i noko meir tettbygde strok. I dag bur i Oslo, og ut frå boka ser det ut til at ho vert verande der.

Det er ei personleg bok, men det er mykje meir. Ho fortel om endringar i landbruket, til dømes om kor mange gardsbruk som vert lagde ned kvart år. Men ho fortel òg om endringar i haldningar - ho kvir seg til å fortelja foreldra om at ho ikkje skal ta over garden, men dei er meir opptekne av at ho skal gjera det ho har lyst til, og det som ho er best til. Ei fin bok.

Guffen tilrår. 

4. november 2024

William og Jim Reid: Never Understood (2024)

Eg fekk aldri heilt taket på The Jesus and Mary Chain. Eg høyrde litt på debut-plata deira, eg kjøpte den andre plata, og eg kjenner meg rimeleg trygg på at eg såg dei på Hultsfred-festivalen i Sverige i 1987. Det vart aldri meir enn heilt greitt. Det som derimot alltid var stas, var å lesa intervju med dei to brørne i gruppa. Dei var fritalande, og dei hadde god nok humor til å koma med humoristiske svar. 

Denne boka, som dei har skrive saman med Ben Thompson, er tidvis like underhaldande. Det er oral history, gjennom heile boka vekslar Jim og William Reid på å snakka. (Det er nærliggjande å tru at rolla til Thompson har vore å intervjua dei, og å setja saman intervjua etterpå.) Dei fortel om oppveksten i Glasgow og i nabobyen East Kilbride, der dei budde lengst. Dei fortel om famlande forsøk i London, før dei brått får eit gjennombrot. Dei fortel om kranglar med plateselskap. Dei fortel om eit uvanleg høgt inntak av alkohol og dop. Og dei fortel om kranglar seg i mellom.

Det er ein finfin historie. Dei passa ikkje inn i East Kilbride, dels av di dei tidleg slutta på skulen utan interesse av å gå i lære eller ha arbeid. Dei ville verta rockemusikarar, og greidde det, på eit vis. Mot slutten av boka er dei ganske bitre, dei meiner at bandet deira var ein forløpar både til grunge og britpop, utan at dei fekk æra av det. Men til og med når dei er bitre er dei løgne.

Guffen tilrår. 

2. november 2024

UXA, sesong 3 (2024)

Den tredje (og visstnok siste) sesongen av UXA minner om dei to fyrste. Thomas Seltzer reiser rundt i USA, der han oppsøkjer personar og miljø som spelar eit stykke frå midtstreken. Det er både lystig og trist: Seltzer er ein god og lun programleiar, som oftast ser det komiske i det han møter. Samstundes er det eit djupt alvor i det han fortel om. Det handlar om det fyrste heimlandet hans, og av og til handlar det om slekta hans: Episoden der han vitjar syskenbarnet sitt, Kim, og veit at det er siste gongen han ser ho i live, er rørande.

I minst ein av dei to fyrste sesongane handla det mykje om den amerikanske draumen. Det er trist å sjå korleis den ikkje er så lett å realisera, noko som òg kan illustrerast ved eit møte mellom Seltzer og slekta. I ein tidlegare sesong møtte me Bubba, som vel er barnebarnet til Kim. Då gjekk han på high school og drøymde om å studera ved MIT i Boston. Karakterane hans var ikkje gode nok til at han fekk stipend, slik at no arbeider han ved Taco Bell. Han bur saman med kjærasten, som er gravid, og som har ein unge frå før. Dei er begge tidleg i 20-åra, og sjølv om han framleis drøymer om MIT, slit eg med å sjå at det er den vegen det går.

Der det tidlegare handla om den amerikanske draumen, er håp eit stikkord i denne sesongen. Finst det eit håp for dette skakkøyrte landet? Det gjer det jo alltid, men det er lett å missa motet av ein serie som dette. Det er eit stort klasseskilje i USA, og for dei nedste klassane er det vanskeleg å klatra. Valet om nokre dagar vil ha mykje å seia, men det er jo fare for at det vert bråk uansett.

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)

30. oktober 2024

Jerry Hopkins og Danny Sugerman: No One Here Gets Out Alive (1980)

Busselskapet Green Tortoise eksisterer visst framleis. Dei er eit rimeleg alternativt selskap, det var i alle fall det: Eg køyrde langs den amerikanske vestkysten med dei ein gong seint i åttiåra, og det var ein hippie-eim over det meste. Fremst i bussen var det setar; lengre bak var det berre ei stor madrass. Dei fleste av oss sov der, og morgonen var det ein fabelaktig frukost langt ute i skogen. 

Eg kom i snakk med fleire på bussen, sjølvsagt. Ein av dei eg snakka mest med las denne boka, og han skrytte enormt av ho. Eg hadde ikkje noko nært forhold til korkje Morrison eller The Doors, men eg kjøpte boka kort tid etter. Ivar (17) var nett på grava til Morrison, og eg tenkte at det var eit godt høve til å henta boka fram. 

Boka er god og underhaldande. Sugerman, den eine av dei to forfattarane, dukkar opp under eit halvgodt dekknamn; som 13-åring fekk han jobb på kontoret til The Doors. Han såg enormt opp til Morrison, og noko av kritikken andre har framført til denne boka er at han pyntar litt på fakta. Viss det er sant, må Morrison ha vore ein enorm drittsekk. I denne boka framstår han berre som ein rimeleg stor drittsekk. Han tøyer grensene, men han gjer det mot alt og alle. Han bryt med familien. Han var ein rundbrennar av dimensjonar. Han kom ofte for seint til konsertar. Han vart meldt til politiet for å ha blotta seg under ein konsert. Osb, osb. Han var hylande intelligent, og visste akkurat kva knappar han skulle trykkja på for å dra folk ned. 

Guffen tilrår. 

Meir The Doors på kulturguffebloggen
The Doors (film, 1991)
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)
When You're Strange (film, 2009)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

28. oktober 2024

John Temple: Up in Arms (2019)

Det går galne vegen med USA, av mange grunnar. Noko av det som gjer at landet vert brote ned innanfrå er den sterkt utbreidde skepsisen til styresmaktene. Mange føler at dei ikkje får bestemma nok, og av og til går det gale. Denne boka handlar om to slike hendingar, og Bundy-familien står sentralt i begge.

Bundy-familien dreiv ein stor gard i Nevada. Dyra deira beitte på føderalt land, altså land eigd av styresmaktene. Dei hadde i årevis betalt leige for dette, men vart gradvis overtydde om dette var eit brot på den heilage skrifta, altså den amerikanske grunnlova. Der står det noko om at styresmaktene berre kan eiga land knytt til skular og sjukehus og slikt, den såkalla "Enclave Clause". (Dei såg, snedig nok, vekk frå "The Property Clause" i det same dokumentet, som sa at den føderale staten kunne eiga kva land dei ville.) Bundyane meinte altså at styresmaktene braut si eiga grunnlov, og nekta å betala. I 2014 svara styresmaktene med å fjerna dyra til Bundy, som på si side la ut rop om hjelp på nettet. Mange svara. Det vart nesten skyting, men berre nesten. 

Dette førte til at fleire slutta seg til militsar, og neste gong gjekk det gale: Ein liknande episode i Oregon nokre år seinare. Mange milits-medlemmer mobiliserte, men der var aksjonen annleis, av di familien som eigde dyra ikkje ville ha noko stor protest. Milits-medlemmene, som vart leia av Ammon Bundy, okkuperte bygningar på eit statleg naturreservat. FBI og statspolitiet overvaka dei, og ein gong alle leiarane var på køyretur vart dei stoppa. Det vart litt skyting, og ein av okkupantane vart drepen i det han prøvde å få fram våpenet sitt.

Det er skremmande å lesa om dette. Dei kler seg som cowboyar, dei oppfører seg som cowboyar, og sjølv om nokre av dei verkar rimeleg oppegåande, er det mange reine deigar. Dette skjer altså medan Obama er president, og fleire gonger vert regjeringa hans omtalt som fascistar. Dei som seier dette har høgst truleg røysta på fascisten Trump to gonger, og kjem til å gjera det igjen neste veke. Boka er velskriven og byggjer på samtalar med mange av dei involverte. Og det er òg skremmande - dei står fram med aldeles ekstreme syn, men kvir seg ikkje for det. Det ekstreme er vorte normalt.

Guffen tilrår. 

27. oktober 2024

Don DeLillo: Players (1977)

Denne romanen handlar vel om litt av kvart. Dei to som må reknast som hovudpersonane er paret Lyle og Pammy. Dei bur på Manhatten, dei får ikkje så mykje ut av jobbane sine. For å krydra liva sine har dei bra med sex, både med kvarandre og andre. 

Ein mann vert drepen på kontoret der Lyle jobbar, og dei to prøver å finna ut kva som eigentleg skjedde der. Dei rotar seg inn i noko som minner om eit kriminelt nettverk. Dei kjem òg i kontakt med nokon som arbeider mot dette nettverket, og minst ein av kontaktane deira der er ein dobbelt-agent.

Eg er fullt klar over at referatet over er litt omtrentleg. Det er ein uventa livlaus roman, der det tidvis var vanskeleg å vera interessert nok til at eg fekk med meg alt som skjedde. Framdrifta er tung, historia vert ikkje godt fortalt, det som truleg skal vera humor er ikkje morosamt, osb.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
The Silence (2020)

26. oktober 2024

Jann S. Wenner: The Masters (2023)

Dette har eg sikkert sagt før: Eg har aldri vore nokon fast lesar av det amerikanske musikk-bladet Rolling Stone. Eg er likevel ikkje ukjend med bladet, og i nittiåra, då eg studerte i Bergen, bladde eg ofte gjennom det viss eg var innom biblioteket. Mykje av det som stod der var uinteressant, men eg likte korleis bladet ofte hadde lange intervju med musikantar (eller andre). 

I denne boka har Wenner, som grunnla Rolling Stone i 1967 og som framleis er knytt til bladet, samla åtte av intervjua han sjølv gjorde. Det er nærliggjande å tru at han har plukka ut intervju med artistar han sjølv likar, og det er den store veikskapen med denne boka. Nokre av intervjua er lite interessante og lesbare. At Wenner er oppteken av seg sjølv gjer det ikkje betre, i fleire av intervju-innleiingane skriv han om korleis han reknar t.d. Mick Jagger som ein nær ven. Og det er rart at når han plukkar ut åtte favorittintervju, er to av intervjua med Bob Dylan.

Kort fortalt: Pete Townshend, 1968: Sånn passeleg interessant. Dylan, 1969: Keisamt. John Lennon, 1970: Glimrande. Jerry Garcia, 1972: Interessant. Jagger, 1995: Middels. Bono, 2005: Huff. Dylan, 2007: Keisamt. Bruce Springsteen, 2023: Bra.

Guffen er lunken. 

Relatert på kulturguffebloggen
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Jann Wenner og Joe Levy (red.): The Rolling Stone Interviews (2007)
Joe Hagen: Sticky Fingers (2017)

22. oktober 2024

Micajah Henley: Sandinista! (2024)

The Clash var enormt produktive ved inngangen til 1980-åra. I desember 1979 gav dei ut dobbel-LPen London Calling, og eitt år seinare gav dei ut Sandinista!, som var eit trippel-album med 36 songar. Eg høyrde mykje på The Clash på den tida, og var vel både begeistra og skeptisk til den store variasjonen i platene deira. På London Calling var det greitt, der er dei fleste songane vellukka, men på Sandinista! vart det litt i meste laget. Mange songar var ikkje gode nok, og det vart litt for mange sjangrar. Det var ei vanleg oppfatning på den tida at dei burde avgrensa seg til ein enkel-LP, i verste fall ein dobbel-LP.

Og akkurat det synet er utgangspunktet for Henley. Då plata kom ut laga plateselskapet den reduserte utgåva Sandinista Now!, ein enkel LP med tolv utvalde spor som dei sende ut til radiostasjonar og slikt. Han skriv om den, og konkluderer med at denne promo-plata er mindre vellukka enn trippel-LPen. Han har skrive godt om dei tolv utvalde songane; i dei neste kapitla skriv han godt om dei andre tjuefire songane. Konklusjonen hans er altså at trippel-LPen er den mest vellukka, men det er ein rar konklusjon: Om svært mange av songane har han skrive at dei ikkje fungerer. Kanskje han er så stor blodfan at han ikkje greier å sjå at bandet tok seg vatn over hovudet her. Eg høyrde gjennom heile plata medan eg las boka, og det er påfallande korleis kvar av dei seks LP-sidene vert dårlegare og dårlegare. Den fyrste er svært god; den siste er bortkasta. 

Boka sluttar med at ni personar har fått plukka ut spor frå Sandinista! til ein enkel-LP. Det verkar altså litt som om Henley støttar tanken om at det hadde vore ein god idé.

Guffen tilrår.

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)

20. oktober 2024

Arild Torvund Olsen: Slagersong og svartmetall (2024)

Denne boka presenterer eit utval høgdepunkt frå den nynorske songskatten. Krava til å koma med er greie: Tekstane må vera på normert nynorsk, og songane må vera utgjevne på vinyl. 

Mange av artistane er frå nynorsk-område, og dei bruker sitt eige språk. Men der er òg unntak. Alle veit at nynorsk er fint i dikt, og i den norske visebylgja i 1970-åra var det vanleg med tekstar på nynorsk. Boka viser dette, og skriv til dømes om Lillebjørn Nilsen, Åse Kleveland og Lars Klevstrand. Tittelen på boka fortel òg at nynorsk vart brukt av fleire svartmetall-band.

Boka er fint lagt opp. Etter ei innleiing om kvart tiår frå 1950-åra får kvar song eller plate ei dobbelside. Den venstre sida er brukt til illustrasjonar, medan den høgre er tekstsida. Noko av det som imponerer mest med boka er variasjonen i tekstane, og korleis Torvund Olsen bruker den avgrensa, faste tekstlengda til å både fortelja om artistane, om teksten, og om små og store moro-fakta. Ei fin bok.

Guffen tilrår. 

16. oktober 2024

Mark Volman og John Cody: Happy Forever (2023)

"Happy Together" er ein av desse poplåtane som er bortimot perfekt. Eg-personen syng om ei jente han (truleg) ikkje får, songen har eit fabelaktig refreng, og det heile er sjølvsagt over på under tre minutt. Songen vart gitt ut av The Turtles i 1967 og vart ein rimeleg stor slager. Og det er omtrent alt eg veit om det bandet.

Eller visste. Etter denne boka veit eg mykje meir. Mark Volman, som står sentralt i denne boka, laga seinare duoen Flo & Eddie med Howard Kaylan frå The Turtles. Dei var begge strålande vokalistar, med røyster som stod godt til kvarandre. Dei var showmenn, som det heiter, og laga liv og moro for alle som høyrde dei. Det var litt uventa at dei var med i bandet til Frank Zappa i nokre år, og omtrent like uventa at dei var med i T.Rex nokre år. Volman gjekk etter kvart tilbake til skulen, tok ei utdanning og fekk seg arbeid på eit universitet. Han slutta aldri som musikar, og held visst jamleg konsertar framleis.

Det er altså ei innhaldsrik historie, men det kunne vore presentert på ein langt betre måte. Ein ting er at boka er bygd opp av sitat frå andre, slik at Volman sjeldan kjem til orde sjølv. Ein annan ting er at det er altfor, altfor mange andre som kjem til orde, og ofte snakkar dei om ting som i beste fall kan kallast fornuftige sidespor. Den gode boka som kanskje er her ein eller annan stad druknar i alle utsegnene.

Guffen er lunken.

15. oktober 2024

Kyrre Andreassen: Ikke mennesker jeg kan regne med (2024)

Det går nokre år mellom kvar roman frå Andreassen, men bøkene er vel verdt å venta på. Me er vel i det same geografiske området me vanlegvis er i, ei bygd på den andre sida av vasskiljet, men denne gongen er forteljaren ei kvinne, Linda Hansen. 

Boka opnar med at Svein seier at han ikkje vil bu saman med Linda meir.  Dei har budd saman i meir enn tjue år, og det verkar som om det kjem heilt ut av det blå. Gjennom boka fortel Linda mest om det som har skjedd før, og det vert etter kvart tydeleg at brotet burde ha skjedd for lenge sidan, og at det truleg var Linda som burde gått frå han. Ho verkar litt tiltakslaust, noko som kanskje kjem tydelegast fram i at ho aldri flytta til Bergen for å studera juss, men i staden budde saman med den ikkje altfor avanserte Svein. 

Samstundes er ho ikkje ein altfor truverdig forteljar. Når ho gjer galne ting, og det gjer ho fleire gonger, avfeier ho det omtrent som bagatellar. Alt skuldast Svein, og han fortener det ho gjer mot han. Men det ho mest av alt er, er ein underhaldande forteljar. Ho strør om seg med friske (og ofte nedsetjande) omtalar av dei andre i bygda. Kopla saman med det sikre språket til Andreassen vert dette ei fin lesestund.

Guffen tilrår. 

Meir Andreassen på kulturguffebloggen
Svendsens Catering (2006)
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges
 (2016)