Gray har tidlegare skrive ein Clash-biografi. Boka er i utgangspunktet lagt opp på same måte som bøkene frå Morgenbladet-kåringa, men Gray siktar mykje høgare. Boka har i grove trekk fire delar - han fortel relativt komprimert om tida fram til arbeidet med London Calling tok til, han skriv om innspelingsprosessen, han skriv om dei nitten songane på plata, og han skriv om kva som har skjedd med og rundt The Clash fram til i dag.
Den siste delen er den klart minst interessante. Han slit med å setja strek, og tek med altfor mykje, både om band dei fire seinare spelte i, om coverversjonar av songar frå plata, om korleis plata kan ha inspirert andre, og så vidare. Også i opningsdelen vert det av og til litt for detaljert, men den delen er langt meir relevant. Del to, om skriving og innspeling og alt slikt er god, men det verkelege høgdepunktet er del tre. Her skriv Gray om songane på plata (pluss 'Armagideon Time', som vart spelt inn samstundes, og som var b-sida på singelen 'London Calling'), og det gjer han godt. Denne delen er på rundt 200 sider, kvar song får altså eit essay på rundt ti sider. I desse essaya viser Gray kvar dei fekk inspirasjon frå, både for tekst og musikk. Han skriv om kva instrument dei brukte (noko som ikkje alltid er lett å høyra). Han skriv om korleis dei plukka opp dei tre songane dei gjorde eigne versjonar av, og kven som hadde laga originalversjonane av desse. Han skriv om korleis songane er bygde opp, og korleis dei vert framførte. Han jamfører med demoversjonar, og skriv om korleis songane endra seg etter kvart som dei vart framførte på konsertar. Og han skriv om korleis Topper Headon var ein så til dei grader genial trommeslagar.
Boka kunne nok vore hakket strammare redigert, men alt i alt var dette stas.
Guffen tilrår.
Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Bob Gruen: The Clash (2002)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)
Micajah Henley: Sandinista! (2024)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar