26. september 2023

Truman Capote: A Christmas Memory (2020)

Denne boka inneheld fem noveller. Jol er eit gjennomgåande tema, i alle fall til ei viss grad. I nokre noveller spelar jolehøgtida ei rolle, andre stader er det meir tilfeldig. Fire av novellene er finfine.

Dei tre fyrste verkar alle å vera bygde på eigne opplevingar. Forteljaren er ein gut som veks opp hjå slektningar. Han har berre ein nær ven, den langt eldre og noko enkle slektningen han kallar Sook. I den fyrste novella bakar dei jolekaker. I den andre overtalar ho han til å invitera ein klassekamerat som plagar han til Thanksgiving-selskapet dei skal ha. I ei tredje må han reisa til New Orleans for å feira jol saman med far sin. Desse tre novellene er flotte, flotte - dei er bygde opp perfekt, det er nett passeleg med jolestemning, og dei sluttar alle på ein uventa og uvanleg varm måte.

Så kjem det ei fin novelle om ei ung kvinne som flyttar til New York for å skapa seg eit betre liv, utan at ho får det heilt til. Og til slutt kjem den veikaste av dei fem, der alle ungane i småbyen er opptekne av ein konkurranse der det gjeld å tippa kor mykje pengar som ligg i ei stor glaskrukke.

Eg har lese nokre bøker av Capote. Det er stort sett stas heile vegen, og det kan henda eg må få tak i meir. Ein fin forfattar.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Breakfast at Tiffany's (1958)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar