Tolhurst spelte i The Cure, eitt av dei meir populært goth-banda, fram til 1989. Eg var aldri langt inne i musikken deira, den einaste utgjevinga eg kjøpte var samleplata Standing on A Beach. Eg hadde heller ikkje noko nært forhold til andre goth-band, sjølv om eg var på konsert med nokre av dei. Det kan godt henda at det var bra musikk der, men eg synest vel at den visuelle stilen deira var rimeleg fjern.
Det er ikkje noko komplett goth-soge, dette, men det er ei fin bok. Der er litt generell historie, og det er litt livlaust. Det vert mykje betre når Tolhurst skriv om korleis han vart interessert i musikk, og korleis punken var befriande for han. Han viser korleis musikken i åra etter punken gjekk i ulike retningar, og korleis The Damned eller Siouxsie and the Banshees begge var tidlege goth-band. Det kjem korte og gode portrett av fleire viktige goth-band frå åtti-åra, før han skriv om nyare døme på goth. Han bruker heile tida seg sjølv aktivt, og vekslar fint mellom eigne minne og samtalar med andre.
Det finaste med boka er at teksten er velskriven og reflektert. Tolhurst gjev eit godt inntrykk, og boka gav meg lyst til å lesa ei tidlegare bok av Tolhurst, der han skriv om tida si i The Cure. Kanskje eg til og med skal høyra litt på bandet, sjølv om eg har ei kjensle av at det vert ei kort økt.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar