Viser innlegg med etiketten DeLillo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DeLillo. Vis alle innlegg

27. oktober 2024

Don DeLillo: Players (1977)

Denne romanen handlar vel om litt av kvart. Dei to som må reknast som hovudpersonane er paret Lyle og Pammy. Dei bur på Manhatten, dei får ikkje så mykje ut av jobbane sine. For å krydra liva sine har dei bra med sex, både med kvarandre og andre. 

Ein mann vert drepen på kontoret der Lyle jobbar, og dei to prøver å finna ut kva som eigentleg skjedde der. Dei rotar seg inn i noko som minner om eit kriminelt nettverk. Dei kjem òg i kontakt med nokon som arbeider mot dette nettverket, og minst ein av kontaktane deira der er ein dobbelt-agent.

Eg er fullt klar over at referatet over er litt omtrentleg. Det er ein uventa livlaus roman, der det tidvis var vanskeleg å vera interessert nok til at eg fekk med meg alt som skjedde. Framdrifta er tung, historia vert ikkje godt fortalt, det som truleg skal vera humor er ikkje morosamt, osb.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
The Silence (2020)

28. august 2023

Don DeLillo: Great Jones Street (1973)

I den tidlege forfattarskapen sin (og kanskje seinare òg) skreiv Don DeLillo mykje om populærkultur. Debutromanen henta handlinga frå fjernsynsverda; bok nummer to gjekk føre seg i sportsmiljø, og i denne tredje boka driv hovudpersonen med rock. Han har rett nok teke ein pause - midt under ein turné forlot Bucky Wunderlick det populære bandet sitt og gjekk meir eller mindre i dekning.

Dei to tydelegaste handlingslinene i boka handlar om at manageren hans (og nokre andre) gjerne vil ha Wunderlick tilbake til rampelyset. Dei vil gje ut nokre songar han nyleg spelte inn, og dei vil senda han på turné. Manageren har òg ein annan plan - han prøver å få Wunderlick til å forstå at viss han tek livet sitt rett før plata kjem ut vil plata automatisk verta ein bestseljar.

Den delen av romanen les eg som harsellering med kjendisdyrkinga. Den andre handlingslina som dominerer er ikkje like krass. Her handlar det om at nokon har funne opp eit nytt narkotisk stoff, som på merkeleg vis vart lagra i husveret til Wunderlick i New York. Ein som var innom stal det med seg, og Wunderlick vert (litt) innblanda i leitinga etter det.

Det er ein roman som slit med å halda på interessa mi. Nokre stader engasjerer, andre kapittel er seige å koma gjennom. 

Guffen er lunken. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Players (1977)
The Silence (2020)

17. mai 2023

Don DeLillo: End Zone (1972)

Den andre romanen til DeLillo, og boka er langt betre enn debuten. Det handlar eigentleg om éin sesong i amerikansk fotball på college-nivå, fortalt av den relativt talentfulle Gary Harkness. Han spelar på eit lag i Texas, og dei vinn alle kampane bortsett frå éin. Mange av kapitla handlar om samtalar med dei andre spelarane eller samtalar med nokre kvinnelege studentar med rimeleg interessante meiningar. Midt i boka kjem det òg eit uventa langt og detaljert referat frå den eine kampen laget tapte.

Boka kom ut i 1972, midt under den kalde krigen, og dette pregar òg studentane. Harkness er oppteken av atomvåpen, og minst ein av dei andre spelarane er òg altfor glad i å lesa om krigen. Fleire gonger vert det snakka eller skrive om parallellar mellom fotballkampar og krig.

Det handlar altså (delvis) om alvorlege tema, men det er likevel ei uventa lystig bok. Dialogane er gode, Harkness er ein lystig fyr, og DeLillo skriv godt. 

Guffen tilrår. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)
The Silence (2020)

13. august 2021

Don DeLillo: Americana (1971)

Dette er debut-boka til DeLillo, og det er vel ikkje så altfor mykje her som kan tyda på at han med åra var ein stor forfattar. Det er eit stykke mellom godbitane, og dei er ikkje store nok til å dekkja over det som er mindre bra.

Hovudpersonen, den 28 år gamle Dave Bell, arbeider i fjernsynsbransjen. Han får klarsignal for å laga eit program om indianarar i Arizona. Saman med kollegaer køyrer vestover frå Maine, men kjem aldri lengre enn til midt-Vesten. Der vert dei verande, av di Bell filmar og filmar ein del folk dei møter. Til sist reiser kollegaene hans heim att, medan Bell held fram vestover.

Den fyrste delen av boka har noko madmensk over seg. Ingen jobbar spesielt mykje, men dei et og drikk og har det kjekt. Før turen vestover kjem det eit langt tilbakeblikk, der me får høyra om den priviligerte oppveksten til Bell. Så kjem opphaldet i midt-Vesten, og det er her det raknar for boka. Så langt har det vore nokre gode skildringar, som kapitlet som fortel om eit selskap/ein fest heime hjå foreldra til Bell. Men dei mange og lange referata frå filminga burde vore korta ned. Her misser boka framdrift, og det er seigt å koma gjennom dette.

Guffen er lunken. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)
The Silence (2020)

21. november 2020

Don DeLillo: The Silence (2020)

Don DeLillo er ein forfattarar eg av og til tenkjer eg skulle ha lese meir av. Eg har lese 4-5 av bøkene hans, og stort sett er det verdt bryet. Denne kom i haust, eg kjøpte ho sånn omtrent med ein gong, og på merkeleg vis hoppa ho heilt fremst i køen av bøker som skal lesast.

Det er ein kort roman. Fem vener skal samlast for å sjå Super Bowl, eitt av høgdepunkta i den amerikanske sportskalenderen. Eit eller anna skjer - kanskje det er ei ulukke, kanskje det er terrorisme, og alt endrar seg. To av dei fem er på veg heim etter å ha vore i Europa, og flyet deira greier så vidt å landa. Dei tre andre har sett seg til rette for å sjå kampen, då alt vert svart. Straumen er vekke, telefonane verkar ikkje, og brått er dei tilbake i ei tid som verkar framand: Ei tid då ein ikkje er oppdatert heile tida. 

What happens to people who live inside their phones? Dette spørsmålet dukkar opp midtveges i boka, og det er kanskje dette DeLillo vil seia oss denne gongen: Me er ei sivilisert verd, me er sosiale skapningar, men telefonane våre (og datamaskinene og fjernsynet) har gjort at me ikkje har så mykje direkte kontakt med folk meir. Scena med dei tre som brått ikkje får sett fjernsyn handlar om akkurat det same - utan fjernsyn og internett er det som om dei ikkje veit kven dei er, eller korleis dei skal agera med kvarandre.

Boka held ikkje piffen like godt oppe heile vegen, det fislar litt ut mot slutten. Men det er likevel ei fin bok, og språket til DeLillo er jo finfint.

Guffen tilrår.

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)