22. februar 2015

Jon Krakauer: Three Cups of Deceit (2011)

Greg Mortenson var aldeles ukjend for meg før eg las denne boka. Eg trur ikkje eg var den einaste her til lands som ikkje kjende han; han var langt betre kjend i heimlandet sitt, USA. Der skapte han seg eit namn som ein velgjerar utanom det vanlege. Han samla inn enorme pengebeløp som skulle gå til bygging av skular i Afghanistan og Pakistan. Han skreiv fleire bøker om dette, heldt enorme mengder foredrag om arbeidet sitt, og fekk amerikanske skuleelevar med på innsamlinga.

Eg kjøpte ikkje boka av di eg ville læra meir om Mortenson og hjelpeorganisasjonen hans, CAI; eg kjøpte boka av di eg likar Jon Krakauer. Det er ein fryd å lesa han også i denne boka, der han kler av Mortenson alt han har av klede. Han viser at bøkene hans er fulle av fri dikting. Han viser at mange av skulane han hevdar å ha bygd ikkje finst. Han viser at mange av skulane Mortenson faktisk har bygd, står tomme og ubrukte. Han viser at Mortenson har forsynt seg grovt av dei innsamla midlane, og at ingen eigentleg har kontroll på økonomien til CAI. Mortenson nekta å la seg intervjua til denne boka, og det er kanskje like greitt.

At midlar som vert samla inn ikkje alltid når fram dit dei er tenkt er ikkje noko nytt. Men det er likevel overraskande å lesa kor systematisk Mortenson har gått fram for å lura dei som gjev pengar til CAI, og kor hemningslaust han forsyner seg av kassa deira. Eg tippar det vart litt rabalder etter at boka kom ut, men ørlite surfing tyder på at Mortenson held fram omtrent som før, berre med eit litt strengare styre, og at Krakauer står fast på at alt han har skrive i denne boka er korrekt.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar