12. januar 2017

Jeff Guinn: Manson (2013)

California, slutten av 1960-åra. Hippiane er overalt, og nokre av dei slår seg saman i kollektiv, gjerne utanfor tettbygde strøk. Der et dei god mat, og lever eit avslappa liv, og kan nyta narkotikaen sin i fred. Nokre av dei gjorde ingen katt fortred, som det heiter. Denne boka handlar om eit kollektiv som gjorde mange kattar fortred.

Charles Manson hadde ein tøff oppvekst. Ikkje noko stabil familie, inn og ut av fengsel, drikking, doping, før han kom til San Francisco tidleg i 60-åra. Han ville verta popstjerne, og sjølv om dei fleste som høyrde songane hans opplevde dei som ordinære, gav han ikkje opp. I 1967 strøymde unge misfits frå heile USA til California, og Manson bygde opp eit harem av unge og ikkje altfor oppvakte jenter. Nokre menn slo seg saman med han, dei kalla seg Manson Family, og flytta til ein ranch utanfor Los Angeles.

Manson kontrollerte alt. Han bestemte kven som skulle gjera kva, kva som skulle etast, kven som skulle stela/skaffa mat, kvar alle skulle bu, osb. Han var dommedagsprofet, og fekk dei andre til å tru at det snart kom ein rasekrig som var så alvorleg at alle kvite menneske kom til å verta utrydda. Dei som følgde han ned i ei stor hole i Death Valley ville overleva der i fleire hundre år, utan å verta eldre, for så å stiga opp att og ta over heile verda. Det verkar sjølvsagt like stokk dumt som mykje anna, og det hjalp sikkert at dei rundt han ikkje var altfor oppvakte, og at dei stappa i seg LSD kvar kveld.

Men så gjekk det heilt gale. Ein i Familyen vart arrestert for eit mord han hadde gjort. Manson kokte saman ein plan om at dei burde drepa nokre andre for å skapa inntrykk av at det var ein seriemordar laus, slik at venen deira vart sett fri att. Fire av tilhengjarane hans drap fem menneske ein kveld, og to den neste. Manson og dei andre vart arresterte for heilt andre ting, og fleire greidde ikkje å halda tett. Fleire vart dømde til døden, men før dei kom så langt gjekk California vekk frå dødsstraff. Nokre sit framleis i fengsel, mellom dei Manson, sjølv om han ikkje var direkte involvert i drapa.

Boka er velskriven, og det verkar som om historia vert fortalt nokolunde objektivt. Guinn er likevel litt for glad i ting som kan verka sensasjonelle og pirrande, og han er spesielt glad i å fortelja om korleis Manson og dei andre mennene kunne gjera som dei ville med alle kvinnene i gjengen, og om korleis Manson kunne kommandera kvinnene til å ha sex med folk som kom på vitjing.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar