5. januar 2017

Atle Grønn: Sjakken eller livet (2016)

Eg skulle gjerne spelt meir sjakk. Når eg spelar no for tida kjenner meg som ein nybyrjar. Eg har aldri vore spesielt god, men veit at eg var eit eller to hakk betre for mange år sidan. Eg har sett mange av sjakksendingane på NRK, litt frå dei to fyrste VM-kampane til Magnus Carlsen, meir frå den siste VM-kampen, og mykje frå VM i dei to kortare variantane.

Sendingane frå NRK er jamt over gode. Av og til har Atle Grønn vore gjest der, og har imponert meir enn dei som sit der kvar gong. Kunnskapsrik, og med ein langt betre humor enn dei andre. Slik kjenner eg han òg frå den fine sjakkspalta han har i Dag og Tid, og det er omtrent der han legg lista i denne boka. Mange andre sjakkspalter handlar om utvalde sjakkparti, Grønn skriv meir om sjakkspelarane, om miljøet og om spelet i seg sjølv.

I denne boka bruker han mykje av si eiga sjakkhistorie, men skriv òg mykje om spelarar han har møtt, eller store og særeigne spelarar frå den store sjakkhistoria. Det er mykje bra her, sjølv om eg av og til har ei kjensle av at det vert litt internt. Det må òg seiast av nokre av historiene er heller ordinære. Men jamt over er dette bra. Magnus Carlsen går som ein raud tråd gjennom boka, og det er som det skal vera når Grønn friskar opp att kvart parti i dei to VM-kampane mellom Carlsen og indiske Anand.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar