1. januar 2017

Shaun Usher (red.): Letters of Note (2013)

Shaun Usher har samla på brev sidan 2009. Ikkje på fysiske kopiar av breva, i alle fall ikkje berre det, men på innhaldet. På nettstaden letterofnote.com ligg det hundrevis av godbitar. I denne boka har han samla mange av desse, og det er stort sett stas. Nokre brev fenga meg lite, dels av di både avsendar og mottakar var heilt ukjende for meg, dels av di innhaldet var keisamt.

Men om nokre brev fenga lite, var der langt fleire som fenga. Som brevet Virginia Woolf skreiv til mannen sin same dagen ho tok livet sitt - eit brev som sluttar med "I don't think two people could have been happier than we have been". Eller brevet der sjefen for humoravdelinga i BBC slaktar manuset til ein ny serie John Cleese vil laga - han skriv om Fawlty Towers at "I can't see [this one] being anything but a disaster". Eller eit brev frå 1957, der ein australsk skulegut sender det australske flyvåpenet nokre framlegg til korleis dei kan markera seg i romkappløpet, eit brev han omsider får svar på i 2009. Eller brevet frå Stephen Tvedten i Michigan, som svarar på eit brev der styresmaktene skuldar han for å bygd ulovlege dammar på eigedommen sin - dammane er bygde av beverar, og Tvedten fyller brevet med setningar der ordet damn vert skrive dam. Eller brevet der sonen til Abraham Lincoln fortel om eit av dei store samantreffa i verdshistoria - nokre månader før John Wilkes Booth drap Lincoln, redda bror til Booth livet til sonen til Lincoln. Eller brevet der Mark Chapman prøver å få ein platesamlar til å vurdera verdien på LP-en John Lennon signerte rett før Chapman skaut han. Eller brevet frå juni 1945, der Kurt Vonnegut skriv om månadene han sat i tysk fangenskap - hendingar han brukte i Slaughterhouse five. Og mange, mange andre.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar